Hopp til innhald
Fagartikkel

Patos i medieuttrykk

I retorikk handlar patos om å vekkje kjensler, og denne appellforma blir mykje brukt i medieuttrykk .

Når dommarane i TV2-programmet Norske Talenter jublar, ler eller blir rørte av ei framsyning, kan vi lettare bli rørte av det som går føre seg på skjermen. Å røre ved publikum sine kjensler er eit effektivt grep både forteljeteknisk og retorisk. Når vi som publikum blir kjenslemessig engasjerte, vil vi halde fram med å sjå på programmet. I retorikken kallar vi det å appellere til kjensler for patos.

Kvifor bruke patos?

I medieuttrykk er patos mykje brukt for å fange merksemda vår eller overtyde oss om noko. Dette er fordi vi blir påverka lettare dersom vi blir kjenslemessig engasjerte. Dersom du vil påverke nokon til handling, må du vekke folk sine kjensler. Det hjelper ikkje å berre verke truverdig og spele på saklege argument. Fornuft og kjensler heng saman. Formålet med å appellere til patos i eit medieuttrykk kan vere

  • å skape interesse
  • bli einige om noko
  • få folk til å handle (gi pengar eller kjøpe noko)

Bruk av patos i reklame og kampanjar

I reklame eller haldningskampanjar er det å vekkje kjensler hos mottakarane heilt sentralt.

Du kjenner kanskje til reklameuttrykket «fordi eg fortener det». Med ei slik formulering ville L'Oreal at kundane skulle slutte å få dårleg samvit når dei kjøpte venleiksprodukt.

L'Oreal ville skape ei kjensle av at vi må kunne unne oss litt luksus i kvardagen. Dei ville samtidig fortelje kundane sine at «du er spesiell».

Klarar du å vekkje bestemde kjensler hos publikum, kan det nemleg vere med på å endre kjøpemønster eller haldningar.

Lydeffektar og musikk kan vere sterke verkemiddel for å styrkje patos i eit medieuttrykk. I ein haldningskampanje for å få fleire ungdommar til å pante flasker, kan du sjå korleis avsendaren prøver å spele på humor for å påverke åtferda til dei unge.

Sjå reklamefilmen frå Renovasjonsselskapet for Drammensregionen (RfD).

Patos i journalistikken

I journalistikken kan patos forsterkast ved å ty til oppsiktsvekkjande overskrifter og sterke bilete. I 2018 publiserte eksempelvis fleire europeiske aviser biletet av tre år gamle Aylan som var skylt i land etter ei mislykka flukt frå Syria. Biletet vekte oppsikt og diskusjonar. Tilhengjarane av å publisere biletet forsvarte handlinga med at det kunne skape ei ny politisk retning og redde andre flyktningar.

Tenk over

Var det uverdig å bruke barnelik for å illustrere masseflukta frå Syria?

Korleis vekke kjensler?

Når du produserer medieutttrykk, bør du alltid tenkje gjennom korleis du best kan appellere til kjenslene til mottakarane. Du kan mellom anna skape rette kjensler ved å bruke visse lydeffektar, ein type musikk, ulike bilete, kjapp klipperytme, dyster lyssetjing, lyse fargar, ulike fontar og gjennom ulike ordval. Moglegheitene er mange! Det viktigaste er at du er medviten om korleis du bruker verkemidla for å styrkje patos og det du vil overtyde om.

Du har no sett eksempel på korleis eit TV-program, ein reklametekst, ein haldningskampanje og eit nyheitsbilete appellerer til patos for å oppnå engasjement hos mottakarane. Nyheitsbiletet og TV-programmet vil skape interesse, reklamen vil få oss til å kjøpe, og haldningskampanjen vil få oss til å handle.