Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonsbygging og nasjonalisme

Sjølv før Noreg fekk eiga grunnlov i 1814, var det å finne vår eigen identitet – ei slags norsk folkesjel – allereie tankar i tida. Dei første nasjonsbyggjarane i Noreg henta idéane sine frå Europa på slutten av 1700-talet. Finn vi igjen idéane i dagens nasjonsbygging?
En Aften i Norske Selskab. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjon

Nasjon er en betegnelse med flere betydninger: en gruppe mennesker med felles sosial og kulturell identitet; en statsdannelse eller en stat som omfatter en gruppe med felles identitet.
Uttrykket "nasjon" var i utgangspunktet knyttet til grupper med felles opprinnelse og fødested.


https://snl.no/nasjon

Norske Selskab og fedrelandpatriotisme

I 1772 blei Norske Selskab oppretta i København. Dette var ei norskpatriotisk litterær foreining. Ho bestod av ei gruppe norske studentar som budde og studerte i København. Blant dei mest kjende medlemmane var Johan Nordahl Brun, Johan Herman Wessel og Niels Treschow.

Heimlengsel, vin, kvinner og dikting – i kombinasjon med fedrelandpatriotisme – samla denne gruppa unge menn på madam Juels Kaffehus i København. Dei debatterte og dikta om norsk fridom. Norske Selskab var på mange måtar den første samlande norske fridomsrørsla. Foreininga eksisterer den dag i dag, men med eit anna mandat enn i 1772. Noreg har fått den fridommen Norske Selskab drøymde om og dikta om.

Johan Nordahl Bruns dikt "Norges Skaal" frå 1771 er eit uttrykk for at kampen for norsk sjølvstende har byrja:

For Norge, Kjæmpers Fødeland,
Vi denne Skål vil tømme,
Og når vi først få blod på Tand,
Vi sødt om Frihed drømme;
Dog vågne vi vel op engang
Og bryde lænker, Bånd og Tvang;
For Norge, Kjæmpers Fødeland,
Vi denne Skål udtømme!

Norges Skaal

0:00
-0:00

Les heile teksten i Utvalgte dikt av Johan Nordahl Brun på bokselskap.

Idéhistoriske straumdrag

Tankar om nasjonalstaten voks fram i heile Europa på slutten av 1700-talet. Det gjekk føre seg debattar om, og ei bevisstgjering om, nasjonalstaten som ei geografisk, militær, kulturell og/eller politisk eining. Det var særleg to idéhistoriske straumdrag som inspirerte til tankar om nasjonalstaten: den franske opplysingstradisjonen (politisk nasjonalisme) og den tyske romantikken (etnisk nasjonalisme).

Politisk nasjonalisme

For dei franske opplysingstenkjarane var det viktig å bryte med eineveldet. Dei var kritiske til at éin allmektig herskar skulle styre eit land og eit folk. Tankegodset til den franske revolusjonen, med ideal som fridom, likskap og brorskap, stod sentralt. Staten bør bestå av likestilte individ innanfor eit geografisk område. Desse individa skal ha same rettar, moglegheiter og plikter. Dei som har makta i ein stat, skal få denne delegert frå folket, og ikkje fordi dei er vener av kongen eller fyrsten. Denne forma for nasjonalisme kallar ein gjerne politisk nasjonalisme eller territoriell nasjonalisme.

Viktig for den norske grunnlova

Fridom, likskap, brorskap. Postkort.

Den franske modellen om nasjonar er derfor på mange måtar ein modell der staten blir sett på som ei juridisk eining. Det er ein modell som seier noko om kven som skal ha makt i landet og korleis ein nasjon bør styrast. Dette er ein politisk modell for tenking om nasjonar. Den politiske nasjonalismen var sentral for dei som laga den norske grunnlova i 1814.

Eit døme på dette er det såkalla maktfordelingsprinsippet som Grunnlova baserer seg på; at makta er delt mellom ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt. Dette er eit ideal vi har frå den franske opplysningsfilosofen Montesquieu. Han er kjend for mellom anna å ha uttalt: "All makt korrumperer, absolutt makt korrumperer absolutt."

Etnisk nasjonalisme

Dei tyske romantikarane hadde i større grad fokus på kulturen som basis for nasjonen. Nasjonar skal dannast på bakgrunn av kulturelle likskapar. Det vil seie at dei som folkeset ein nasjon, bør utgjere ein kulturell fellesskap. Dei bør ha felles språk, religion, historie og kulturarv – ja, det som enkelte har omtalt som ei felles folkeånd. Dette kan kallast kulturnasjonalisme eller etnisk nasjonalisme.

Nasjonsbygginga byrjar

Dei tyske romantiske perspektiva har prega mykje av tenkinga om kva det vil seie å vere norsk. Tanken om at ein nasjon skal etablerast på bakgrunn av at dei som folkeset han, har ein felles kultur, eit felles språk og ei felles historie, blei drivkrafta for det nasjonsbyggingsprosjektet som starta på byrjinga av 1800-talet. For no voks det fram ulike tankar om norsk fridom og sjølvstende. Noreg bør vere – ja, er – ein eigen nasjon – uavhengig av Danmark. Den første nasjonsbygginga var i gong. Idéane frå denne tida ser vi ikkje minst i debatten om det norske språket utover på 1800-talet.

Tenk over og diskuter

  • Kva gjer Noreg til Noreg i dag? Er idéane, som er frå 1800-talet, framleis like viktige?

  • Kva rolle speler norskfaget i forståinga av kva det å vere norsk er?

Nasjonsbygging i dag

Noreg er framleis ein sjølvstendig nasjon, med eiga grunnlov og eige språk. Samtidig har mykje endra seg på 200 år. Noreg har knytt seg til samarbeid med andre land, som forpliktar oss utover det som direkte angår vårt eige land. To døme på slike samarbeid er NATO og EØS.

Noreg har ikkje lenger ein statsreligion, og mange nordmenn har ein kultur som ikkje samsvarer med 1800-talet si forståing av "typisk norsk". Kva er det då som gjer oss til "ei gruppe menneske med felles sosial og kulturell identitet"? Diskusjonen om kva Noreg skal vere, og kva som bør vere vår felles referanseramme, går framleis føre seg.

Norskfaget som ein del av nasjonsbygginga

Fleire av diskusjonane angår norskfaget direkte: Kva tekstar skal norsk ungdom lese? Treng vi å lære om litteratur som blei skapt for tusen år sidan? Kvifor skal vi ha to skriftspråk? I læreplanen for norskfaget står det at "Faget norsk skal gi elevane innsikt i den rike og mangfoldige språk- og kulturarven i Norge."

Samtidig skal du på skulen lære om det fleirkulturelle Noreg og eit Noreg som har endra seg. Slik handlar nasjonsbygging i dag både om kunnskap om kvar vi kjem frå, kva som har forma forståinga vår av Noreg som nasjon, men òg om å få kunnskap og forståing av korleis globaliseringa påverkar oss.

Nasjonalisme i dag

Å kjenne tilhøyrsel til eit land blir kalla nasjonalisme. Det finst ulike grader: Det å kjenne seg norsk og ha ei tilhøyrsel til Noreg er det mange som gjer, og få synest det er problematisk om du heiar på norske utøvarar i eit VM eller heiser det norske flagget på fødselsdagen din. Det er ein moderat nasjonalisme.

I andre enden av skalaen finn vi politiske grupperingar som meiner at Noreg berre skal vere for etnisk norske. Dei meiner globaliseringa er ein trussel mot nasjonen vår og norsk kultur, og dei har gjerne ei fiendtleg innstilling til innvandrarar og kulturen deira. Haldningane kan dukke opp i diskusjonar på sosiale medium. I denne skjermdumpen frå eit kommentarfelt på Facebook blir innvandrarar samanlikna med brunsniglar:

To innlegg i ein tråd på Sylvi Listhaugs Facebook-side. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Dette står i skjermdumpen

Person 1: Innvandrarar er som å innføre framande artar i norsk flora og fauna. Dei passar berre ikkje inn her hos oss. Det er så sjarmerande og eksotisk med framande artar, men dei har så lett for å overta og utslette det opphavlege som er tilpassa naturen vår og klimaet vårt. Når det har skjedd, er det ofte for seint, dessverre.

Person 2: Ja, berre sjå på brunsnigelen. Han har teke over alt.

Tenk over/diskuter:

  • Finst det noko "opphavleg" norsk, som person 1 i skjermdumpen hevdar? Kva er i så fall det?

  • Kor mykje av det du har rundt deg i kvardagen kjem opphavleg frå andre land og/eller kulturar (språk, mat, underhaldning og så vidare)? Er det positivt eller negativt?

Kjelder

Berg, O. T., nasjon i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. mars 2021 frå https://snl.no/nasjon

Knudsen, O. F., nasjonalisme i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. mars 2021 frå https://snl.no/nasjonalisme

Relatert innhald

Kva gjer at nokon songar blir forbodne? Samanlikn "Norges Skaal" av Johan Nordahl Brun med andre forbodne songar.

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850