Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Augeblinkens diktar: Henrik Wergeland

Diktet "Meg selv" av Henrik Wergeland blei skriven i sinne. Wergeland hadde blitt skulda for å vere i dårleg humør, og diktet er svaret på skuldinga. Men i tillegg er det òg ein tekst som viser forholdet diktaren har til naturen.
Portrett av Henrik Wergeland. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Henrik Wergeland var ein hissig fyr, og han hamna stadig i kranglar og diskusjonar med folk – både i lystige lag på byen og i offentlege debattar i avisene. Etter at avisa Morgenbladet skulda han for å vere i dårleg humør – "i slett lune" – skreiv han i affekt diktet " Meg selv ".

I diktet hevdar han at slike angrep mot han som person ikkje rammar han fordi han har så mykje anna og større å glede seg over, nemleg alle opplevingane naturen gir han. Diktet er eit godt døme på korleis Wergeland skreiv i augeblinken, og på evna hans til å skape nye språklege bilete.

Les diktet "Meg selv" og jobb med spørsmåla:

  1. Beskriv forma på diktet. Peik på trekk som gir inntrykk av at teksten er noko som er skrive ned spontant og utan mykje planlegging eller tilarbeiding.
  2. Kva betyr naturen og naturopplevingar for det lyriske eg-et? Finn minst tre døme i diktet, og forklar dei.
  3. "Klag ikke under stjernene over mangel på lyse punkter i ditt liv." er ei setning frå dette diktet som vert mykje sitert. Forklar kva diktaren vil seie med dette biletet.
  4. Les om Henrik Wergeland og romantikken.


    • På kva måte er diktet typisk for "augeblinkens diktar" Wergeland?
    • Peik på romantiske trekk ved dette diktet.

Relatert innhald

Dikt av Henrik Wergeland, skrive i 1841. Modernisert rettskriving.

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850