Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kven er kjerringa mot straumen?

Kjerringa mot straumen har blitt eit uttrykk som blir brukt i ulike samanhengar. Kven var "kjerringa mot straumen"? Finst det slike kjerringer i dag?
Kjerringa mot straumen ligg i vatnet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Før du startar med oppgåvene under – kva forbind du med ordet "kjerring"? Er det eit positivt eller negativt lada ord for deg? Beskriv personen du ser føre deg.

Del 1: Folkeeventyret

  1. Gi ein karakteristikk av "kjerringa mot straumen" i folkeeventyret.

  2. Kva for eigenskapar har ho? Er ho framstilt sympatisk eller usympatisk? Kven får du som lesar sympati med? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Del 2: Camilla Collett på 1800-tallet

  1. Korleis omtaler Camilla Collett "kjerringa mot straumen"?

  2. Får du inntrykk av at ho meiner det same som kjem til uttrykk i folkeeventyret om kva det vil seie å vere "kjerringa mot straumen"? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

I denne teksten tek Camilla Collett utgangspunkt i eventyret frå folkediktinga, men gjer stoffet til sitt.

Del 3: Ulrikke Falch og F-ordet

Videoen under er første episode av ein serie der Ulrikke Falch ville undersøkje haldningane ungdommar har til likestilling. Sjå videoen og diskuter:

  1. På kva måte kan Ulrikke Falch seiast å vere "kjerringa mot straumen"?

  2. Kva for eigenskapar har ho til felles med kjerringa i eventyret og Colletts skildring av kjerringa?

  3. Kjenner du andre "kjerringer mot straumen" i dagens samfunn? Kva kjenneteiknar dei?


Del 4: Kjerringa i kontekst

Samanlikn dei tre tekstane. På kva måte er skildringa av kjerringa påverka av tida og samfunnet teksten er skriven i?

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850