Hopp til innhald

Litterære tekstar

Nordmannen

Ivar Aasen sitt dikt "Nordmannen" har mange nasjonalpatriotiske trekk. Men i motsetnad til i ein del andre fedrelandssongar er det arbeidet og slitet til nordmannen som står i sentrum her.
Robåtar og fiskeskøyter. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nordmannen

0:00
-0:00

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt."

[...]

Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

[...]

(Aasen, 1868, s. 69–70)

Kjelde

Aasen, I. (1868). Lauvduskar I/II. Det Norske Samlaget.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Ivar Aasen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850