Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Wergeland og "Småguttenes nasjonalsang"

Henrik Wergeland er ein sentral person i det norske prosjektet. Han deltok aktivt i debattane om norsk sjølvstende. Kva for tilknyting skulle Noreg ha til Danmark? Wergeland var for fridom både språkleg, politisk og kulturelt.
Kvitveis og jentebein i sorte sko og kvite strømper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Ein av dei tekstane han er mest kjend for, er songen dei fleste norske barn tidleg lærer på skulen: "Vi ere en nasjon vi med" (eller "Småguttenes nasjonalsang"). Her hyllar han Noreg, nordmenn, norsk natur og norsk sjølvstende.

Les teksten Vi ere en nasjon, vi med (Småguttenes nasjonalsang).

Jobb med desse oppgåvene:

  1. Kva for trekk ved Noreg og det norske er det Wergeland her hyllar? Lag ei oversikt der du grunngir med sitat frå teksten.
  2. Kva slags funksjon har naturen i diktet? Svar ved å vise til eksempel.
  3. Les strofa nedanfor. Kva for eigenskapar ved Noreg er det han trekk fram her?

    Jeg ikke vil for fremmed vår
    min norske vinter bytte,
    og fremmed slott ei nær forslår
    imot min faders hytte.
    Han sier han er der så fri.
    Det ei så nøye fatter vi,
    men noe godt er visst deri
    som verd er å beskytte.


  4. Korleis kan ein sjå at dette diktet er laga for barn?
  5. Kvifor trur du Wergeland laga ein nasjonalsong for barn (eller smågutar)?
  6. Korleis er dette diktet nasjonsbyggjande, meiner du?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850