Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Norsk og unorsk hos Welhaven og Wergeland

Wergelands "Vi ere en nasjon, vi med" idealiserer det norske, medan Welhavens Norges Dæmring kjem med krass kritikk av Wergeland og nordmenn sin nasjonalisme.
Johan Welhaven sit på ei trapp med tre andre menn og ein hund. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du startar

Før du løyser oppgåvene under, bør du undersøkje eller repetere følgjande:

  • Kven var Henrik Wergeland? Kva stod han for?

  • Kven var Johan Sebastian Welhaven? Kva stod han for?

Oppgåve 1. Norges Dæmring

Welhavens dikt kan tilsynelatande verke litt vanskelege å kome inn i, men om du jobbar litt med teksten, vil du kanskje sjå ironien og den skarpe humoren. Les utdraget frå diktsamlinga Norges Dæmring.

Relatert innhald

Forfattarane og samfunnsdebattantane Johan Sebastian Welhaven og Henrik Wergeland spelte ei viktig rolle i utviklinga av den nye nasjonen.

  1. Diktet har ein prolog, det vil seie ei innleiing eller ein "fortale". Korleis beskriv Welhaven Noreg i prologen? Kva eigenskapar ved nasjonen framhevar han her?

  2. Korleis framstiller han måten nordmenn overlever mørke og kulde på? Er dette meint realistisk, eller er det ein ironisk kritikk?

  3. Kva trur du Welhaven meiner med at han har laga ein "hadrianisk Vagtmur i det Mindre"? Veit du ikkje kva Hadrians mur er, kan du søkje på Internett.

  4. Korleis framstiller Welhaven arbeidet til Wergeland, omtalt som "ein af Norskhedens Forfægtere", i sonett 41?

  5. Kva trur du han meiner med "Bare norske Meninger og norske Miner, og Stoffa norsk i Sjelen og i Dragten"? Er dette eit ideal for Welhaven eller Wergeland?

  6. Korleis beskriv Welhaven framandfrykta til nordmenn i sonett 46?

Oppgåve 2. Vintermotivet hos Wergeland og Welhaven

Samanlikn utdraget frå Wergelands "Vi ere en nasjon, vi med" nedanfor med utdraget frå Welhavens Norges Dæmring. Korleis bruker dei vinter- og kuldemotivet?

Vi ere en nasjon, vi med (utdrag)

Hvor er vel himlen mere blå?
Hvor springer vel så glade
de bekker som i engen gå
for blomstene å bade?
Selv vinteren jeg frydes ved,
så hvit og klar som strøet med
all stjernehimlens herlighet
og hvite liljeblade.


Jeg ikke vil for fremmed vår
min norske vinter bytte,
og fremmed slott ei nær forslår
imot min faders hytte.
Han sier han er der så fri.
Det ei så nøye fatter vi,
men noe godt er visst deri
som verd er å beskytte.

Henrik Wergeland, 1841

Oppgåve 3. Kvar går grensa?

Les utdrag frå Welhavens Norges Dæmring og Wergelands "Vi ere en nasjon, vi med".

Diskuter så:

  1. Kvar går grensa mellom nasjonalromantikk, nasjonalpatriotisme og nasjonalisme?

  2. Kvar går grensa mellom nasjonalisme og rasisme?

  3. Er Welhavens dikt på nokon måte relevant i dag? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Forfattarane og samfunnsdebattantane Johan Sebastian Welhaven og Henrik Wergeland spelte ei viktig rolle i utviklinga av den nye nasjonen.

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850