Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Ja, vi elsker" som samansett tekst

I denne oppgåva skal de lage ein teikneserie eller ei digital forteljing av nasjonalsongen "Ja, vi elsker". Dette vil forhåpentleg gjere dykk godt rusta til deretter å gå djupare inn i teksten. Til sist skal de samanlikne Bjørnsons tekst med Gro Dahles "Norge i fløtesaus"

Del 1: Kan du eigentleg nasjonalsongen vår?

  1. Skriv ei attforteljing av nasjonalsongen med eigne ord.

  2. Samanlikn attforteljinga i grupper.

  3. Diskuter deretter i klassen: Kor godt kjenner de innhaldet i songen?

  4. Skriv opp alle momenta de hugsar på tavla.

Del 2: Les, lytt og diskuter

Bjørnstjerne Bjørnson i finstasen og med stokk. Han står ute i naturen og ser rett på målaren. Måleri.

Les og lytt til songen og diskuter desse spørsmåla i grupper:

  1. Kor mykje hugsa de eigentleg av songen frå før?

  2. Kva vil de seie er dei viktigaste nasjonsbyggjande motiva Bjørnstjerne Bjørnson brukar i songen?

  3. Rangar forståinga dykkar av innhaldet i nasjonalsongen på ein skala frå 1–10.

  4. Var det noko av teksten de ikkje forstod? Skriv i så fall ned eit par moment. Diskuter deretter i klassen kva desse delane av teksten kan bety.

Relatert innhald

Teksten til "Ja, vi elsker" er skriven av Bjørnstjerne Bjørnson, melodien av Rikard Nordraak. Den endelege versjonen blei ferdig i 1868.

Del 3: Lag ei visuell framstilling av Bjørnsons tekst

No kan de velje om de vil lage ein teikneserie eller ei digital forteljing av teksten til "Ja, vi elsker". Målet er å lage eit kreativt produkt, men også å utforske teksten. For å lage illustrasjonane, må de nemleg forstå kva for historiske hendingar Bjørnson refererer til i teksten.

Eit døme:

Slik går de fram:

  1. Vel sjølv om de vil jobbe åleine eller i par. "Dekonstruer" (ta for dykk bit for bit) ei og ei strofe slik at de finn ut kva for historiske hendingar Bjørnstjerne Bjørnson refererer til i songen.

  2. Lag deretter ei visuell framstilling av hendingane. De vel om de vil teikne for hand, finne kjende måleri/illustrasjonar av hendingane eller bruke eit teikneprogram.

  3. Kvart bilete/illustrasjon skal følgjast av teksten til Bjørnstjerne Bjørnson.

Del 4: Vis fram og diskuter

  1. Vis fram forteljingane dykkar til kvarandre og fortel kva val de gjorde undervegs.

  2. Diskuter om igjen: "Kva vil de seie Bjørnstjerne Bjørnson først og fremst bruker som nasjonsbyggjande motiv i songen?"

  3. Rangar forståinga di av innhaldet i nasjonalsongen på ein skala frå 1–10.

Del 5: Samanlikn "Ja, vi elsker" med "Norge i fløtesaus"

Gro Dahle vann i 2002 ein uhøgtideleg konkurranse om å lage Noregs nye nasjonalsong med teksten "Norge i fløtesaus". Det er ei omskriving av "Ja, vi elsker".

  1. Les gjennom songen og skriv ned det du meiner er tema og bodskap i teksten. Samanlikn deretter det du har skrive med andre i klassen.

  2. Diskuter: Korleis meiner de Gro Dahle framstiller Noreg og nordmenn?

  3. Kva verkemiddel bruker Gro Dahle i teksten?

Del 6: Kjærleik og satire

Då Dahle vann konkurransen, skreiv juryen i grunngivinga at teksten er satirisk, men at han òg viser kjærleik til kongeriket Noreg.

Åleine:

  1. Lag ein tabell med to kolonnar der det står "satire" som overskrift i den eine kolonnen og "kjærleik til Noreg" i den andre. Skriv deretter ned kva de meiner er satire, altså kva sider ved Noreg og nordmenn Dahle gjer narr av i den eine kolonnen, og kva sider ved Noreg og nordmenn ho viser kjærleik for i den andre.

Diskuter i plenum:

  1. Kva meiner de er typisk norsk? Lag ei liste over både gode og dårlege eigenskapar ved Noreg og nordmenn.

  2. Når blir de stolte over å vere norske?

  3. Når blir de flaue over å vere norske?

  4. Korleis hadde dykkar drøyme-Noreg sett ut?

Del 7: Tekst i kontekst

Diskuter i grupper:

Bjørnstjerne Bjørnsons tekst er høgtideleg og søkjer til historia for å hylle Noreg, mens Gro Dahles tekst er satirisk og har nok ikkje som mål å hylle Noreg og nordmenn. Korleis kan konteksten forklare form og innhald i dei to tekstane?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850