Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Ja, vi elsker"?

Kortfilmen Ja, vi elsker er regissert av Hallvar Witzø. Med nasjonalsangen som tittel er filmen eit skråblikk på Noreg og nordmenn. I fire korte forteljingar skildrar han 17. mai-feiringa for fire menneske, i ulike aldrar, på fire ulike stader i landet.

I byrjinga av filmen er vi i Bergen. Ein ung gut nektar å høyre på buekorpset. Han vert sitjande aleine i bilen, mens resten av familien deltek i 17. mai-feiringa. Deretter følgjer ei historie om ein eldre krigshelt, ved namn Konrad, som på sin finurlige måte nektar å vere tilhøyrar til nok ein pompøs 17. mai-tale. Så flyttar vi oss til Leksvik, der ei russejente tek eit spontant oppgjer med ein litt vel hissig fyr ho trudde var interessert i henne, før vi flyttar oss vidare til Svalbard – der ein naken mann stikk av garde på ein snøscooter.

Hallvar Witzøs fire små forteljingar skildrar menneske som på ein eller annan måte er i krise eller oppbrott, og som nektar å bøye seg for tradisjonar og autoritetar. Dei korte forteljingane syner menneske som vel å gå sine eigne vegar. På denne måten skapar regissøren ein diskusjon om kva det vil seie å vere menneske i Noreg i dag.

Filmen har vunne internasjonal heider. Han fekk mellom anna prisen for beste kortfilm på San Joaquin International Film Festival i California.

Spørsmål til filmen

  1. Kva fire stader går handlinga føre seg på?
  2. Kva trur du filmskaparen har ønskt å formidle gjennom å skildre 17. mai-feiringa fire stader i Noreg?
  3. Guten i Bergen høyrer på ulike radiokanalar mens han sit i bilen. Kva type program er han innom? Kva endar han med å høyre på når han køyrer bil?
  4. Kvifor køyrer han bil framfor å gå i 17. mai-tog, trur du?
  5. Korleis er kameravinkel og biletutsnitt brukt i Bergen-delen av forteljinga?
  6. Konrad, i rullestol på Oscarsborg, nektar å delta i 17. mai-markeringa. Korleis tolkar du åtferda hans?
  7. Kvifor, trur du, er han først filma forfra, nært, for så å bli filma på så stor avstand? Kva gjer det med opplevinga di av det som skjer?
  8. Kvifor, trur du, hiv jenta i Leksvik motorsykkelen til guten i vatnet?
  9. Her står kameraet fast på ein stad. Korleis påverkar det historia?
  10. Kvifor reiser mannen på Svalbard naken på scooter, trur du?
  11. Kva slags forhold til 17. mai tenkjer du dei fire hovudpersonane i filmen har?
  12. Alle dei fire historiene handlar om nokon som forlèt noko eller nokon. Tolk kva dette kan tyde.
  13. Kva formidlar filmen om Noreg, nordmenn og 17. mai?
  14. Kvifor har filmen tittelen «Ja, vi elsker», trur du?

Skriveoppgåve

Kortfilmen Ja, vi elsker består av fire ulike forteljingar om fire forskjellige skjebnar, frå fire forskjellige stader i landet, på fire forskjellige tidspunkt på 17. mai.

  • Del klassen inn i fire grupper. Gruppene får tildelt kvar si av dei fire filmforteljingane.
  • Kvar elev i gruppa skriv den korte filmforteljinga om til tekst. Legg synsvinkelen til hovudpersonen i kvar filmforteljing.
  • Les opp nokon av forteljingane i klassen.


CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850