Hopp til innhald

Fagstoff

Vi ere en nasjon, vi med

Den personen som dei fleste kanskje forbind med 17. mai og "det norske", er Henrik Wergeland. Wergeland var opplysingsmann og oppteken av at folket måtte ta del i demokratiet.

Henrik Wergeland

I løpet av eit kort liv (1808–1845) fekk Henrik Wergeland utretta meir enn dei fleste av oss kan drøyme om. Han var elska og omstridd, og deltok aktivt i ulike aktuelle debattar. Wergeland var romantisk poet, politisk engasjert, samfunnsrefsar og språkmann. Korleis påverka han debatten om Noreg og "det norske"?

Henrik Wergeland var son av Nicolai Wergeland, ein av mennene som var med å lage Grunnlova på Eidsvoll i 1814. Dette var nok ein inspirasjon, og han vart tidleg engasjert i arbeidet for folkeopplysing og for demokratisering av Noreg. I blada For Almuen og For Arbeiderklassen skreiv han opplysingstekstar for bønder og arbeidarar – i demokratisk ånd. Alle samfunnsborgarar skulle ha tilgang til informasjon.

Henrik Wergeland. Maleri.

Utdrag frå Smaagutternes Nationalsang

Vi ere en nasjon vi med,
vi små en alen lange,
et fedreland vi frydes ved,
og vi, vi ere mange.
Vårt hjerte vet, vårt øye ser
hvor godt og vakkert Norge er,
vår tunge kan en sang blant fler
av Norges æres-sange.

Som ung student ønskte Henrik Wergeland å feire norsk sjølvstende på 17. mai. Det likte kong Karl Johan dårleg.

Konflikten med Welhaven

Wergeland blir ofte plassert som motstandaren til Johan Sebastian Welhaven i debattar om kulturelle og politiske spørsmål. Usemja var på mange måtar ein verdikonflikt. Wergeland var opplysingsmann og oppteken av at folket måtte ta del i demokratiet. Welhaven derimot, var kritisk til det han oppfatta som ukritisk og patriotisk sjølvgodheit mellom nordmenn. Han ønskte å halde oppe banda til Danmark og det elles meir danna Europa.

Wergeland argumenterte for norsk fridom, politisk og kulturelt. Han skreiv for "folket", og han brukte norske ord og uttrykk i tekstane sine. Welhaven derimot meinte at Noreg som kulturnasjon var liten, umogen og til dels udanna. Det danske språket, og den danske kulturen, var derfor noko vi trong for å vere ein del av Europa.

På mange måtar kan ein seie at Wergeland "vann" denne kampen, og at det er perspektiva hans på Noreg og det norske som fekk mest å seie. Noko av dette handlar om at det var synspunkta hans som passa best inn i det biletet av Noreg – og det norske – som vann fram som "det norske prosjektet".

Avduking av statue av Wergeland. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Romantikk 1800–1850