Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forbodne songar

Var dikta "Noregs Skaal" av Johan Nordahl Brun ei uskyldig drikkevise eller ei farleg fedrelandvise? Opp gjennom tidene har mange songar anten blitt sensurerte eller forbodne. Samanlikn forbodne songar.
Studentar sit rundt eit bord og reiser ei skål med ølglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Reflekter rundt desse spørsmåla før du startar på deloppgåvene under:

  • Kvifor trur du styresmaktene i eit land forbyr ein song? Kva kan dei oppnå med det?

  • Kjenner du til songar som anten har blitt sensurerte eller ikkje blitt spelte på radio? Kva var årsaka?

Del 1

Les diktet Norges Skaal (For Norge, Kiempers Fødeland) (ndla.no)

  1. Kva ord finn du her som ikkje er norske? Oversett desse orda til moderne norsk.

  2. Kva ord som er positivt lada finn du i diktet? Kva effekt har desse orda?

  3. Kva ord som er negativt lada finn du i diktet? Kva effekt har desse orda?

  4. Kvifor blei visa forboden då ho første gongen blei prøvd trykt?

  5. Finn døme på at diktet er fedrelandspatriotisk.

  6. Kva i dette diktet trur du verka mest provoserande eller støytande?

Del 2

Les artikkelen Norges forbudte sanger (ballade.no) om illegale viser under krigen.

  1. Kva slags viser var det som blei forbodne? Av kven?

  2. Kva funksjon hadde visene?

  3. Kva slags verknad trur du sensuren og forboda hadde?

Del 3

Les artikkelen Synger de forbudte sangene (dagsavisen.no) om artisten Moddi og kvifor han valde å lage eit album med forbodne songar.

  1. Kvifor ville Moddi gi ut eit slikt album?

  2. På albumet Unsongs er det 12 songar. Dei fleste er frå land der det er eller har vore krig, uro og ustabil leiing. Den einaste norske songen er ein samisk song frå 1800-talet. Kvifor er han med?

  3. Søk opp minst éin av songane Moddi har med på albumet og sjå nærare på teksten. Kva har gjort at songen har blitt anten sensurert eller forboden, trur du?

Del 4

Samanlikn "Norges Skaal" av Johan Nordahl Brun med ein annan valfri forboden song.

  1. Kva er tema i songane?

  2. Kvifor blei songane forbodne eller sensurerte? Av kven?

  3. Kva for språklege verkemiddel blir brukte for å formidle tema?

  4. Kva effekt trur du forbodet eller sensuren hadde?

  5. Er temaet i dei to songane relevante i dag? Grunngi!

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Lyrisk dikting