Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Livsløpet til eit produkt og livsforlengande strategiar

Alle produkt går gjennom eit livsløp. I denne oppgåva skal du finne døme på produkt som er på ulike stadium i livsløpet, og tenkje ut nokre livsforlengande strategiar.
  1. Finn døme på produkt som er i introduksjonsfasen, vekstfasen, modningsfasen og tilbakegangsfasen.
  2. Nokre produkt har «alltid» vore på marknaden, mens andre berre eksisterer i ein kort periode. Kan du kome på nokre slike kortvarige produkt? Finn døme på produkt som har vore på marknaden i lang, lang tid. Kvifor trur du desse produkta har vore på marknaden så lenge?
  3. Ta for deg eit produkt som du meiner er i modningsfasen. For å få salet til å halde fram og forhindre tilbakegang for produktet kan ei verksemd bruke livsforlengande strategiar ved å utvikle produktet eller utvikle marknaden. Kom med forslag til nokre livsforlengande strategiar for produktet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt