Emballasje og berekraftsmerking
Det er ingen tvil om at ein del emballasje er unødvendig og overflødig. Men korleis hadde eigentleg produkta og miljøet vore utan emballasje? Ein av hovudfunksjonane til emballasjen er å verne produktet. Ein annan funksjon er å forlenge haldbarheita og verne kvaliteten, til dømes på matvarer.
Riktig bruk av emballasje kan bidra til å redusere svinn. Det kan til dømes vere mykje meir miljøbelastande å kaste mat enn å nytte plastemballasje. Dette føreset at plasten blir sortert riktig og kan gjenvinnast.
Plastemballasje kan forlenge haldbarheita til til dømes nokre typar av frukt og grønt. Spørsmålet er kva for plast, eller annan unødvendig emballasje, som kan fjernast utan at matsvinnet aukar. I filmen nedanfor (12:40) kan du sjå meir om dette.
Plast
Få materiale har påverka liva våre i så stor grad som plasten. Han har gjort det mogleg å lage produkt som er både billegare og meir haldbare. Dei siste tiåra har problematiske sider ved plasten komme meir fram.
Vi har alle sett bilete i media med påminningar om dei enorme mengdene plastavfall i verdshava. Plast kan vere nyttig når han er i bruk, men om plasten kjem på avvegar, blir det problematisk. Du kan høyre meir om fleire problematiske sider ved produksjon og forbruk av plast i denne filmen (3:46) frå NRK Skole.
Tenk etter!
Kva er fordelar og ulemper med bruk av plast og plastemballasje?
Det kan vere krevjande å orientere seg om alle sider ved produkt som blir tilbodne. Fleire merkeordningar gjer det lettare for oss forbrukarar å velje det som er mest berekraftig.
Kjenner du til nokon merkeordningar? Nedanfor kan du gjere deg litt kjend med nokre av merkeordningane.
Vi sorterer, vaskar, brettar og stappar, men kor godt klima- og miljøtiltak er eigentleg kjeldesortering? Resirkulering av plast er avhengig av fleire enn oss forbrukarar som kjeldesorterer.
Å nytte emballasje som kan resirkulerast, er ansvaret til produsentane. Dei skal òg sørge for gode merkeordningar og prøve å nytte resirkulert materiale i produkta sine.
EUs mål er 50 prosent resirkulering av plastemballasje innan 2025. Styresmaktene har ansvaret for at Noreg når dette målet, og må setje i verk målretta tiltak for å fremme ønskt utvikling.
Andreas Wahl sjekkar kva som skjer med søppelet vårt i episoden "Resirkulering" (39:18) av serien Folkeopplysningen.