Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mikroplast frå klede?

Mange klede kan spreie miljøfarleg mikroplast i naturen. Dette skjer under produksjon, bruk, vask og etter at du har kvitta deg med dei. Undersøk problemet og prøv å finne løysingar.
Jente ser på klede i ein klesbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mikroplast frå tekstil hamnar i havet

60 prosent av alle kleda våre er laga av plastmateriale. Kleda våre mistar fiber, både når vi bruker dei, og når vi vaskar dei. Dette går via reinseanlegga og ut i havet.

Raude partiklar på svart bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Finn ut og diskuter

  1. Syntetiske tekstilar er ei kjelde til mikroplast. Kva miljøproblem skaper mikroplast?
  2. Finn plagg/produkt som ofte er laga av plast.
    • Kvifor blir plast brukt i desse produkta?
    • Finst det andre materiale som erstattar plast?
    • Vurder fordelar og ulemper ved dei ulike materiala.
  3. Somme klesprodusentar marknadsfører klede av resirkulert plast som miljøvennlege. Diskuter i kva grad det er riktig å bruke ei slik nemning.
  4. Diskuter kva de kan gjere for å redusere plastforureininga frå klede, og korleis de kan ta miljøvennlege materialval.

Del 2: Undersøk garderoben din

Kartlegg kva materiale dine eigne klede er laga av. Er du bevisst på materialbruk når du kjøper tekstilar?

Ung kvinne viser fram klesskapet sitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Design ein plastfri sko

Ta for de ein joggesko og finn ut kva materiale han er laga av. Foreslå kva materiale som kan erstatte plastmateriala som er brukte i joggeskoen. Diskuter kva konsekvensar desse utskiftingane får med tanke på pris, brukaroppleving og berekraft.

Ulike skopar av typen joggesko oppstilt på kvar si hylle i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Dory, K. (2018, 20. juni). Why fast fashion needs to slow down. Henta 22. september 2020 frå https://www.unenvironment.org/news-and-stories/blogpost/why-fast-fashion-needs-slow-down

Framtiden i våre hender (2019, 26. september). Slik unngår du klær av plast. Henta 22. september 2020 frå: https://www.framtiden.no/gronne-tips/klar/slik-unngar-du-klar-av-plast.html

Myklebost, I. T. & Fjeld, I. E. (2019, 13. mai). Klærne våre fyller havet med mikroplast. Henta 22. september 2020 frå: https://www.nrk.no/norge/klaerne-vare-fyller-havet-med-mikroplast-1.14546787

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland, Hanne Merethe Riskedal Staurland og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt