Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Innovasjonar og produktforbetringar

Det er viktig for verksemder å respondere på behov i marknaden, og å ta strategiske val knytte til produktutvikling. I denne oppgåva skal du vurdere nye løysingar og bruke kreativiteten.
Ei dame som lager ein logo på PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kom med døme på eksisterande produkt som kan klassifiserast som innovasjonar og produktforbetringar. Forsøk å kome på tre døme på innovasjonar og tre døme på produktforbetringar.
  2. Kom med to forslag til produktforbetringar. Ta utgangspunkt i to produkt som finst i dag, gi ei skildring av produkta (utsjånad og funksjon), og beskriv så kva du meiner kan vere gode produktforbetringar. Forbetringane kan vere reint utsjånadmessige eller knytte til bruk/funksjonalitet.
  3. Kom med eit forslag til eit heilt nytt produkt. Er det noko du saknar? Har du eit behov? No har du sjansen til å gjere noko med det. Beskriv det nye produktet så godt du kan.

    1. Kven er målgruppa?
    2. Korleis ser produktet ut? Lag gjerne ei skisse og/eller ein prototype.
    3. Kva er produktet laga av? Drøft om produktet vil vere berekraftig.
    4. Har du forslag til merkenamn? Vel ut eit merkenamn du tenkjar kan passe. Kanskje har du eit slagord òg?
    5. Korleis tenkjer du at logoen kan sjå ut? Nytt deg gjerne av det gratisverktøyet vi tilrår, og lag ein logo.
Tilrådd gratisverktøy for å utforme ein logo

Canva

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng, Mette Holan og Hanne-Lisbeth Løite.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt