Hopp til innhald

Fagstoff

Produktutvikling

Korleis blir eit produkt til? Det heile startar med ein idé, men korleis oppstår ideen? Heile prosessen frå idéutvikling til produktet blir lansert, kallar vi produktutvikling.
Ein modell med seks boksar med pilar som illustrerer dei seks fasane i produktutviklingsprosessen. Modellen illustrerer fasane idéinnsamling, utsiling, økonomisk analyse, utvikling, testsalog lansering.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produktutvikling er ein prosess som skjer i perioden frå ein idé oppstår og fram til produktet blir lansert på marknaden. Det er viktig for verksemder å respondere på behov i marknaden og ta strategiske val knytte til produktutvikling.

Innovasjonar og produktforbetringar

Innovasjon betyr fornying og handlar om det å skape noko nytt. Ein innovasjon kan vere ei vare, eit produkt, teneste eller produksjonsprosess som er heilt nytt for verda. Vellykka innovasjonar skaper verdi for brukaren. Apple er eit døme på eit selskap som har fleire vellykka innovasjonar å vise til.

Ei produktforbetring tek utgangspunkt i eit produkt som allereie finst. Føremålet med forbetringa er å gjere produktet betre på ein eller annan måte, til dømes sikrare, meir praktisk, meir tiltalande eller meir berekraftig.

Produktutviklingsprosessen

Produktutvikling kan vere ein tids- og kostnadskrevjande prosess. Nokre verksemder vel derfor å overlate produktutviklinga til andre og heller satse på produktetterlikningar. Verksemder som tek gode strategiske val knytte til produktutvikling, har større moglegheiter for å utvide marknaden, halde tritt med konkurrentar og ta nye marknadsdelar.

Produktutviklingsprosessen beskriv korleis går vi fram når vi skal utvikle nye produkt eller forbetre produkt som allereie er på marknaden. Ein produktutviklingsprosess består vanlegvis av seks fasar:

  1. idéinnsamling
  2. utsiling
  3. økonomisk analyse
  4. utvikling
  5. testsal
  6. lansering

Idéinnsamling

For å få fram idear til nye produkt må vi jobbe systematisk med idéinnsamling. Mange bedrifter har eigne forskings- og utviklingsavdelingar til dette arbeidet. Alle bedrifter bør likevel stimulere tilsette til å tenkje kreativt. Det er òg viktig å vere merksame på kva konkurrentar gjer, og følgje med på korleis trendane i samfunnet utviklar seg.

Det har òg vorte meir vanleg at kundane sjølv deltek i den kreative prosessen. Matvareprodusentar har til dømes invitert brukarane til å stemme over kva slags fyll ein pizza bør ha.

Utsiling

Ikkje alle idear har livets rett. I utsilingsfasen er målet å stå igjen med dei ideane som har best moglegheiter på marknaden. Gode idear bør ikkje forkastast før dei er nøye vurderte. Utsilinga må ta høgde for at enkelte idear kan vere for kostbare å utvikle eller at produktet har for liten marknad.

Økonomisk analyse

Når ein idé har kome gjennom utsilingsfasen, er det tid for å gjennomføre ein økonomisk analyse. Bedrifta må finne ut kor stort sal ho kan forvente, kva produktet kan seljast for, og kor store kostnader produksjonen har. Ut frå forventa inntekter og forventa kostnader finn vi ut kor lønsamt produktet kan bli. Ulønsame produkt blir forkasta i dette stadiet.

Utvikling

I denne fasen byrjar utviklinga av produktet. Kostnadene byrjar å gjere seg gjeldande gjennom mellom anna produksjon av prototype, som er ei førebels og forenkla utgåve av eit produkt. Formålet med ein prototype er å teste ut og demonstrere produktet.

Testsal

Testsal vil seie at salet er avgrensa til nokre få utsalsstader. For å gjennomføre eit testsal av til dømes ein ny type potetgull kan vi selje produktet i eit avgrensa tal daglegvarebutikkar. Forbrukarane veit ikkje det er snakk om eit testsal, og målet i denne fasen er å sjå i kva grad produktet blir selt, og om det skjer gjenkjøp. For å finne ut meir om korleis forbrukarane reagerer på produktet, kan vi gjennomføre spørjeundersøkingar og observere forbrukarane når dei handlar.

Lansering

Dersom dei tidlegare fasane av produktutviklingsprosessen har gått bra, kan produktet lanserast. Det betyr at det blir utgitt og blir introdusert på marknaden. Alle produkt har ei viss levetid på marknaden og går gjennom eit livsløp. Starten på livsløpet til produktet er i gang.

Smilande kvinne held ein liten robot i eit klasserom. Roboten er kvit. Han er todelt og den øvste delen liknar eit hovud med lysande auge. Framme på den nedste delen er det ein høgtalar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produktutvikling i No Isolation

Silvija Seres lagar podkasten Lørn Tech. Episoden "Karen Dolva, gründer av No Isolation" ser mellom anna på Karen Dolvas engasjement for produktutvikling knytt til det å redusere ufrivillig einsemd og sosial isolasjon.

Roboten AV1, som er på biletet ovanfor, og KOMP, ein skjerm for eldre, er produkt som har gått gjennom produktutviklingsprosessen og er lanserte av selskapet No Isolation. Dette kan du høyre meir om i podkast-episoden Karen Dolva: No Isolation (podkast på Acast).

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt