Hopp til innhald
Oppgåve

Kva er god service?

I denne oppgåva skal du reflektere over kva som kjenneteiknar god service, og vise at du kan skilje mellom ulike typar service.

Oppgåver

  1. Kva meiner du kjenneteiknar god service?

  2. Tenk deg at du skal kjøpe deg ein ny sykkel. Kva vil vere av betydning for serviceopplevinga ved kjøp av ny sykkel?

  3. Kvifor er service viktig? Grunngi svaret.

  4. Det finst ulike typar av service. Gjer greie for dei ulike typane.

  5. Tenk deg at du skal på ein ferietur til Mallorca. Vurder og gi døme på korleis dei ulike typane av service kan gjere seg gjeldande i denne samanhengen.