Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftige produktavgjerder

Korleis kan produktutviklarar, og vi som forbrukarar, bidra til ei meir berekraftig utvikling? Kunnskap om materiale, produksjonsprosessar og redesign er viktig når vi skal ta berekraftige produktavgjerder.
Kurv med gamle klede. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er viktig å tenkje på berekraft og å ha kunnskap om materiale og produksjonsprosessar for å ta etiske og berekraftige val.

Tenk over

Korleis påverkar vala dine berekraftig utvikling? Kan du gi nokre døme?

God kvalitet gjer at produkt held lenger, og behovet for utskifting blir mindre. Om det er mogleg å reparere ei vare og halde ho ved like, kan det motverke ein «bruk og kast»-mentalitet.

Redesign

Redesign, òg kalla omsaum, er ein skapingsprosess med utgangspunkt i noko som finst frå før. Både gjenbruk og redesign kan vere berekraftig, i og med at vi ser moglegheiter i noko som elles ville ha vorte kasta. Det kan òg vere haldningsskapande med tanke på korleis vi behandlar ressursane våre.

Mote- og tekstilindustrien som døme

Mote- og tekstilindustrien er den nest mest forureinande industrien i verda. Dei siste 20 åra har klesproduksjonen dobla seg, til over 100 milliardar plagg i året, og det er berre 1 prosent av kleda som blir resirkulerte. Ifølgje tal frå SIFO har nordmenn i gjennomsnitt 359 plagg i klesskapet. Kvart femte plagg blir sjeldan eller aldri brukt, og vi kastar i snitt 23 kilo klede kvart år.

Noko av det vi kan gjere for å redusere klimaavtrykket vårt, er å kjøpe færre klede og vere klar over kva materiale som er brukte til dei plagga vi kjøper, og korleis kleda blir produserte. Det å bruke kleda fleire gonger reduserer òg klimaavtrykket.

Reparasjon og redesign er viktige verkemiddel for å auke levetida til klede. Ingrid Bergtun er ein influensar som er oppteken av berekraft, saum og redesign av klesplagg. Ingrid er ein av medgründerane av Fæbrik, ei digital plattform i form av eit sykollektiv.

Eg brenn for å gjere klesindustrien meir berekraftig. Det er kult at saum og redesign blir sett og anerkjent som noko meir enn berre ein hobby, nemleg eit verktøy som kan vere med å påverke miljøet.

Ingrid Bergtun

Ingrid Bergtun har på seg ei jakke som ho har sydd om frå eit teppe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ei årleg kåring gjort av D2 og Dagens Næringsliv blei Ingrid Bergtun i 2020 nominert som ei av 30 leiestjerner basert på FNs berekraftsmål. Nedanfor kan du sjå eit intervju med Ingrid.

Og her kan du lese eit intervju med Ingrid Bergtun.

Tenk etter!

Tekstilindustrien er den nest mest forureinande industrien i verda. Vi forbrukarar kastar i snitt 23 kilo klede kvart år. Kan det halde slik fram? Kva tenkjer du må til for å betre denne situasjonen?

Produktutvikling, design og berekraftig utvikling

I filmen nedanfor får vi eit innblikk i forma og funksjonen til nokre produkt, og i kor viktig det er å fokusere på berekraftig utvikling.

Kjelder


Regine Stokstad. (2020). Fra hobby til lobby. Henta frå: https://www.dn.no/d2/ledestjerner/ingrid-bergtun/ledestjerner-2020/gjenbruk/fra-hobby-til-lobby/7-1-ypl2mkjxm


Dagens Næringsliv. (2019, 1. juni). Rapport: Klesindustrien har større utslipp enn fly og skip. Henta frå: https://www.dn.no/miljo/klima-og-miljo/klar/rapport-klesindustrien-har-storre-utslipp-enn-fly-og-skip/2-1-614038

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt