Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Produktstrategien til Peppes Pizza

I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i produkta til Peppes Pizza, jobbe med konkurransemiddelet «produkt». Oppgåva krev at du set deg godt inn i produktstrategien til Peppes Pizza.
Utsida av Peppes Pizza i Stortingsgata i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå inn på peppeshjemme.no og peppes.no og gjer deg kjent med produkta deira.

  1. Bruk Peppes Pizza som døme, og skriv ei kort forklaring på kva vi i marknadsføringssamanheng meiner med «produkt».
  2. Forklar, med døme frå Peppes Pizza, kva omgrepet «produktsortiment» betyr.
  3. Tenk deg eit besøk på ein av restaurantane til Peppes Pizza. Forklar produktnivåa og kva som kan vere kjerneproduktet, det konkrete produktet, det forventa produktet, det utvida produktet og det potensielle produktet i denne samanhengen.
  4. Samanlikn produkta du finn i vedlegget nedst på denne sida, med eitt av produkta i dag frå peppeshjemme.no. Vurder emballasjen og designet på produkta. (I vedlegget finn du litt informasjon om to produkt som Peppes Pizza hadde i sortimentet sitt i 2010 då dei lanserte «Peppes hjemmelagde» for første gong.)
  5. Gjer greie for kva vi meiner med «produktutviklingsprosessen» og «livsløpet til produktet». Kva fase i livsløpet meiner du at Peppes Pizza er i? Grunngi svaret. Forklar samanhengen mellom produktutviklinga og livsløpet til produktet. Bruk Peppes Pizza som døme.

Relatert innhald

Teksten skildrar to produkt som Peppes Pizza hadde i sortimentet sitt i 2010, da dei lanserte "Peppes hjemmelagde" for første gong. Oppgåva krev at teksten framstår i originalform og er ikkje meint som reklame for Peppes Pizza.

CC BY-SASkrive av Kristoffer Heide Kitterød og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt