Hopp til innhald

Fagstoff

Produktsortiment

Ulike jakker, genserar, bukser, T-skjorter, undertøy og sokkar er eit døme på eit produktsortiment du kan finne i ein klesbutikk. Med eit produktsortiment meiner vi den samla mengda produktgrupper og produktvariantar ein seljar tilbyr i ein marknad.
Utsnitt frå klesbutikken Gina Tricot på Lagunen kjøpesenter i Bergen, oktober 2020. Bukser heng langs veggane, og pent samanbretta bukser ligg på eit bord midt i rommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sortiment

Dei produkta ein klesbutikk tilbyr, blir kalla sortimentet til butikken. Genserar i ein klesbutikk er eit døme på ei produktgruppe. Produktgrupper er produkt som dekkjer det same behovet, og som blir selde gjennom tilsvarande kanalar. Merkevara Jordan har tannbørstar og andre munnhygieneprodukt, oppvaskbørstar og målarverktøy som produktgruppene sine.

Produktvariantar er ulike typar av produkt i ei produktgruppe. Ullgenserar, collegegenserar og hettegenserar er døme på nokre produktvariantar innanfor produktgruppa genserar i ein klesbutikk.

For ei verksemd er det viktig å ta strategiske val om sortimentet, som til dømes om verksemda skal satse i breidda, i djupna eller begge deler.

Sortimentsbreidd

Vi bruker omgrepet sortimentsbreidd når vi snakkar om kor mange ulike produktgrupper ei verksemd tilbyr. Ein klesbutikk har ofte stor sortimentsbreidd med produktgrupper som genserar, bukser, T-skjorter, undertøy, sokkar og tilbehøyr.

Sortimentsdjupne

Med sortimentsdjupne meiner vi kor mange ulike produkt eller variantar av produkt som finst innanfor ei og same produktgruppe. Mange klesbutikkar har både stor sortimentsbreidd og sortimentsdjupne. Innanfor til dømes produktgruppa bukser kan det vere mange variantar.

Innanfor produktgruppa munnhygiene har Jordan mange ulike tannbørstar og dessutan produkt som tungebørste, tanntråd, tannpirkarar og så vidare. Til saman utgjer alle desse produkta djupna i produktgruppa munnhygiene hos Jordan.

Konsistens

Kor godt produktgruppene heng saman, kallar vi konsistens. Konsistensen mellom produktgruppene hos Jordan er basert på børstar, sjølv om børstane har ulike bruksområde.

Også ein butikk som sel klede, sko og kvardagssmykke, har eit sortiment med god konsistens fordi desse produktgruppene utfyller kvarandre. Viss ein butikk derimot sel kosmetikk, bilar og måling, er konsistensen heller dårleg, fordi det ikkje finst nokon naturleg samanheng mellom dei tre produktgruppene.

Delar av Jordans vareutval i produktgruppa munnhygiene hos Meny Lagunen i Bergen i oktober 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt