Hopp til innhald

Fagstoff

Emballasje og produktmerking

Kan emballasjen ha betydning for kva produkt du vel? Emballasjen skal mellom anna gi informasjon om kva produktet faktisk inneheld, bidra til å skape forventningar til produktet og vere med på å skilje produktet frå konkurrerande produkt.
Nærbilete av stablar med Pizza Grandiosa i ein frysedisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Emballasje

Med emballasje meiner vi eska, posen eller flaska som sjølve produktet er i. I forbrukarmarknaden av i dag har emballasjen fleire viktige oppgåver. Ikkje berre skal han verne produktet, i tillegg er han blitt eit viktig marknadsføringsverktøy.

Ei lekkert innpakka parfymeflaske kan til dømes kommunisere kvalitet og «eit lite stykke luksus». Emballasjen på parfymen kan dermed gjere det mogleg å ta ein høgare pris.

Berekraftig emballasje har kome meir i fokus dei seinare åra. Det er ingen tvil om at ein del emballasje er overflødig og ikkje naudsynt, til dømes ønskjer vi mindre bruk av plast. Emballasje kan likevel vere naudsynt for å forlengje haldbarheit og ta vare på kvalitet, og dermed redusere svinn. Det er derfor viktig for verksemder å jobbe med å bruke emballasje riktig.

Emballasjen til «Shoestone» som døme

Andreas Wahl, programleiar for Folkeopplysningen på NRK, bestemde seg for å lage sitt eige produkt, «Shoestone». Produktet «Shoestone» er eit lureprodukt – det er ikkje noko anna enn steinar i skoa, pakka inn i ein lekker boks. «Eg blei overraska over at vi fekk folk til å vilje betale for stein i skoa, berre vi pakka det inn på den rette måten», har Wahl uttalt.

I filmen nedanfor, frå 13.18 til 15.18, kan du sjå korleis emballasjen til lureproduktet blir til.

Funksjonane til emballasjen

Emballasje kan seiast å ha tre hovudfunksjonar:

  1. vern

  2. frakt og lagring

  3. kommunikasjon

Vern

Emballasjen vernar produktet frå å bli øydelagd under frakt, lagring og stabling. Ein TV vil til dømes bli levert i ei stor pappeske, og inni eska er det isopor som sørgjer for at TV-en ikkje blir øydelagd dersom han skulle bli utsett for slag eller støyt.

Sjølv om det er lagt stor vekt på ei flott utforming av eska til til dømes ei parfymeflaske, må ho òg klare å verne produktet. Emballasje skal dermed bidra til å redusere produktsvinn.

Frakt og lagring

Emballasjen skal bidra til effektiv logistikk. Form og storleik på pakken er derfor viktig. I tillegg treng han kodemerking. Det fortel kvar pakken skal, og kva han inneheld.

I forbrukarmarknaden er det ein fordel at produkta kan stablast effektivt i butikkhyllene. Då blir produktet lettare å sjå for kunden, og butikkpersonalet får ein enklare jobb når dei skal fylle på nye varer. Smart emballering kan i tillegg gjere det lettare for kunden å frakte produktet. Til dømes kan pakkar med toalettrullar eller nett med potetar vere utstyrte med handtak.

Kommunikasjon

Emballasjen er svært viktig når produktet skal seljast på forbrukarmarknaden. Han skal gi informasjon om kva produktet faktisk inneheld. Han skal òg bidra til å posisjonere produktet i hovudet til forbrukaren. Med det meiner vi at emballasjen er utforma på ein slik måte at vi lettare legg merke til og hugsar produktet.

Emballasjen kan vere eit viktig marknadsføringsverktøy og bidra til å skilje produktet frå konkurrerande produkt. Form, fargebruk og logo har stor attkjenningsverdi. Du kan sikkert peike ut produkt som Coca-Cola, Tine-mjølk eller favorittsjokoladen din på lang avstand i butikken. Nokre verksemder bruker òg emballasjen til å reklamere for andre produkt i den same serien, eller for nyheiter verksemda har komme med.

Mat og kosmetikk har detaljerte krav til informasjon på emballasjen. Desse krava skal hjelpe oss forbrukarar til å kunne ta val basert på riktig informasjon om produktet. Vi skal vite kva vi kjøper, sjølv om vi plukkar produkt frå ei hylle utan å snakke med beteninga. Nøkkelholmerket er eit døme på informasjon som kan finnast på emballasjen. Veit du kva denne merkinga står for?

To beger med Skyr müsli med nøkkelholmerket på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt