Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Merkevarestrategien til Hennig-Olsen

I denne oppgåva skal du analysere produkt- og merkevarestrategien til iskremprodusenten Hennig-Olsen. Som døme i oppgåva bruker vi produktet Freia Melkesjokolade som iskrem.
Forskjellige pakkar med småis i frysaren hos Meny Lagunen i Bergen, oktober 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Aktuelle lenkjer og informasjon til oppgåva

Hennig-Olsens nettside

Hennig-Olsens merkevarer

Teksten nedanfor beskriv eit produkt som vart lansert av Hennig-Olsen i 2020. Teksten står slik han opphavleg blei skriven, og er ikkje meint som reklame.

Freia Melkesjokolade lanseres for første gang som iskrem! Produktet er en unik kombinasjon av Hennig-Olsen Is og Freia Melkesjokolade – det beste fra to verdener. En is for både sjokolade- og iskremelskere!

Her er ein presentasjon av produktet Freia Melkesjokolade som iskrem, henta frå hennig-olsen.no.

Oppgåver

  1. Hennig-Olsens merkevarestrategi

    1. Kva blir meint med merkevarebygging? Skriv ei forklaring.
    2. Vurder Hennig-Olsens merkevarestrategi.
    3. Korleis kan Freia Melkesjokolade iskrem påverke Hennig-Olsens merkevarestrategi?


  2. Produktutvikling

    1. Gjer greie for produktutviklinga i livsløpet til produktet.
    2. Kva blir meint med livsforlengande strategiar?
    3. Kan Freia Melkesjokolade iskrem vere eit døme på ein livsforlengande strategi for Hennig-Olsen? Grunngi svaret.


  3. Produkt som konkurransemiddel

    1. Gjer ei heilskapleg vurdering av korleis verksemda bruker produkt som konkurransemiddel.
    2. Skriv dette i eit samanfattande avsnitt om produkt- og merkevarestrategien til Hennig-Olsen.
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt