Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk produktsortimentet

For verksemder er det fleire val å ta når det gjeld sortimentet. Skal dei satse i breidda, i djupna eller begge delar? I denne oppgåva skal du mellom anna utforske produktsortimentet i tre butikkar.
Interiør frå klesbutikken Carlings på kjøpesenteret Lagunen i Bergen, september 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Forklar omgrepa produktsortiment, sortimentsbreidd og sortimentsdjupne. Forklar kva som blir meint med konsistens mellom produktgrupper.
  2. Vel deg ut tre butikkar som sel den same typen produkt, til dømes tre matbutikkar eller tre klesbutikkar. Utforsk produktsortimentet i dei tre butikkane. Vurder sortimentsbreidda, sortimentsdjupna og konsistensen mellom produktgruppene i dei tre butikkane. Kvifor trur du butikkane er like/ulike i sortimentet sitt?
  3. Diskuter den følgjande påstanden:

    «Det er om å gjere for alle verksemder å ha så stor sortimentsbreidd og sortimentsdjupne som mogleg.»

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt