Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Small talk på Sørlandet

Kortfilmen Small talk handlar om kommunikasjon, eller mangel på det, i ein familie på Sørlandet.

Del 1

Diskuter i grupper:

  1. Ofte forbind vi visse stereotypar med landsdelane i Noreg: Folk frå Nord-Noreg er brautande og bannar mykje, folk frå byane på Austlandet er blærete og så vidare. Filmen de skal sjå, handlar om folk frå Sørlandet. Kva er stereotypen på ein sørlending?
  2. Kva forbind de med store familieselskap? Korleis kommuniserer de? Kva snakkar de om? Korleis er stemninga?
  3. Kva for uskrivne reglar finst for kva det er "lov" å snakke om i store familieselskap? Er det tema du helst bør unngå?

Del 2

Sjå filmen Small talk

  1. Etter at du har sett filmen: Ikkje snakk med andre i klassen, men skriv ned kva kjensler filmen vekte i deg? Blei du flau? Lo du? Blei du sint? Eller vekte han andre kjensler hos deg?
  2. Samanlikn med dei andre i klassen. Var reaksjonane dykkar ulike? Var det nokon som berre lo, medan andre berre blei flaue, til dømes? Forklar kvifor de fekk dei kjenslene de fekk undervegs då de såg filmen.
  3. Beskriv kommunikasjonen mellom menneska i filmen. Kva vil de seie karakteriserer han?

Del 3

Her skal du først jobbe aleine, deretter skal de gå saman i grupper:

  1. Kva meiner du er tema i filmen?
  2. Vel ut ein nøkkelscene der du meiner temaet, som du har formulert over, kjem tydeleg fram.

Gå saman i grupper:

  1. Diskuter kva de meiner er temaet i filmen og fortel kvarandre kva scene de har valt ut.
  2. Prøv å bli einige om ei felles formulering av det de meiner er temaet. Vel deretter ei av scenene som dei på gruppa har plukka ut. Analysar denne for å vise korleis scenen viser temaet. Sjå på replikkar, kroppsspråket til skodespelarane, klipping og kameravinkel.

Del 4

Gå tilbake til dei same gruppene som de brukte i del 1. Her skulle de diskutere kva som var den stereotypiske sørlendingen, og kva som var dei "usynlege reglane" for familieselskap.

Oppsummer:

  1. Viste filmen fram den stereotypen av sørlendingane de kjende til?
  2. Filmen er nok ein karikatur. Det vil seie at særtrekk ved både sørlendingar og familieselskap blir sette på spissen for å få fram poenget. Men får filmen likevel fram noko som kan vere typisk for "usynlege reglar" ved familieselskap?

Del 5

Korleis er typiske familieselskap der de kjem frå? Lag ein film som viser fram dette. De kan gjerne karikere, altså overdrive typiske trekk ved dialogen og kroppsspråk – for å vise kva som kjenneteiknar familieselskapa i distrikta dykkar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon