Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk visuell stil i film

Korleis kan vi karakterisere den personlege stilen til ein regissør? Og kva kjenneteiknar din eigen visuelle stil? Samanlikn filmar og reflekter over korleis du kan jobbe med det visuelle uttrykket i eigen produksjon.
Portrett av skodespelar og regissør Orson Welles. Fotografiet viser ein mann på rundt 40 år med tjukt, relativt kort, svart hår som er greidd bakover. Han har ei pipe i munnen og eit energisk ansiktsuttrykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1 Utforsk auteurs i film

  1. Søk i oppslagsverk og andre kjelder på nett og finn ut kva som ligg i omgrepet auteur.

  2. Fordjup deg i ein auteur frå filmverda. Beskriv typiske kjenneteikn ved stilen til denne filmskaparen. Slike kjenneteikn kan vere val av tema, karakterar og miljø, dramaturgiske og forteljetekniske grep, og bruk av biletkomposisjon, klipperytme, lys, lyd og andre verkemiddel. Forklar kvifor du meiner filmskaparen er ein auteur. Skriv minst 250 ord.

Tom for idéar?

Her er forslag til filmfolk du kan studere nærare:

  • Orson Welles

  • Alfred Hitchcock

  • Agnès Varda

  • Tim Burton

  • Quentin Tarantino

  • Sofia Coppola

  • Wes Anderson

  • Spike Lee

  • Ruben Östlund

  • Baz Luhrmann

  • David Lynch

  • Jane Campion

2 Samanlikn filmar: Joachim Trier

Sjå dei første minutta av spelefilmane Louder than bombs (2015) og Thelma (2017). Regi: Joachim Trier.

  1. Kva for likskapar (og eventuelt forskjellar) i innhald og form finn du i desse to filmane? Vurder til dømes bilete og framing, bruk av lyd, lys og andre verkemiddel, klipping, dramaturgi, forteljeteknikk og tema.

  2. Har regissør Joachim Trier ein gjenkjenneleg stil? Grunngi svaret.

3 Samanlikn filmar: Iram Haq

Sjå dei første minutta av kortfilmen Skylappjenta (2009) og av spelefilmen Kva vil folk seie (2017). Regi og manus: Iram Haq.

  1. Kva for likskapar (og eventuelt forskjellar) i innhald og form finn du i desse to filmane? Vurder til dømes bilete og framing, bruk av lyd, lys og andre verkemiddel, klipping, dramaturgi, forteljeteknikk og tema.

  2. Har regissør Iram Haq ein gjenkjenneleg stil? Grunngi svaret.

4 Eigenrefleksjon

I løpet av tida du har gått på medium og kommunikasjon, har du fått erfaring med praktisk filmproduksjon. Tenk gjennom spørsmåla nedanfor og prøv å svare utfyllande:

  1. Kor mykje vekt har du lagt på det visuelle arbeidet når du har jobba praktisk med filmproduksjon?

  2. Ser du på deg sjølv som ein auteur? Grunngi svaret.

  3. Kva kjenneteiknar den visuelle stilen din?

  4. Korleis kan du vidareutvikle den visuelle stilen din i praktisk produksjon?

  5. I kva grad har arbeidet med desse oppgåvene inspirert deg til å jobbe meir med det visuelle uttrykket i eigne produksjonar?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2022

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon