Hopp til innhald

Fagstoff

Dramaturgiske grep

Få tips om korleis du lagar driv i ei forteljing ved hjelp av dramaturgiske grep. Dramaturgiske grep kan til dømes vere å legge inn hindringar, varslar og tidsfristar i filmforteljinga di.
Tre menn i yttertøy og med kvar sitt gevær står inntil ein vegg og lyttar. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dramaturgi handlar om korleis du bygger opp ei forteljing for å gjere ho interessant for mottakarane. Kva viser du, og i kva rekkefølge viser du det? Å etablere konflikt og skape identifikasjon er velkjende metodar som bidreg til å lage driv i ei forteljing.

Du kan òg bruke andre dramaturgiske grep for å fange og halde på interessa til mottakarane dine. Å la hovudkarakteren møte hindringar, varslar eller tidsfristar i ein film kan auke spenningskurva. Andre grep er å vise eller halde tilbake informasjon for hovudkarakteren(e) og/eller sjåarane.

Fire dramaturgiske grep i film

1. Vise og halde tilbake informasjon

Dette er eit klassisk dramaturgisk grep i film som kan løysast på dei følgande måtane:

  • Du kan la hovudkarakteren vite meir enn sjåaren. Dermed blir sjåaren nysgjerrig og ønsker å finne ut kva hovudkarakteren veit.

  • I andre tilfelle kan du la den som ser på, få vite meir enn hovudkarakteren. Ved hjelp av parallellklipping kan vi til dømes følge hendingar som skjer samtidig på ulike stader, men som vi forstår før eller sidan vil ende i eit dramatisk møte. Slik får vi som tilskodarar ei betre oversikt over situasjonen enn det karakterane i filmen har.

  • Hovudkarakteren og sjåaren får informasjon samtidig. Dette kan skape både overrasking og spenning.

2. Hindringar

Bilkø i tre felt på ein motorveg. Foto.

Hindringar kan òg brukast for å skape driv i ei forteljing. Ein karakter bør gjerne jobbe seg gjennom nokre hindringar for å nå det endelege målet sitt. Det kan vere ytre hindringar som bilkøar, ein punktert sykkel, regnvêr, eit bratt stup og låste dører.

Hindringar kan òg komme frå det indre. Det kan vere ein manglande vilje hos nokon som må overtydast, feil kunnskap, hat og kjærleik.

Mann ser på klokka mens han snakker i mobiltelefon. Foto.

3. Tidsfristar

Kampen mot klokka er eit velkjent dramaturgisk grep for å halde på spenninga i ein film. Hovudpersonen har kanskje ein tidsfrist å rekke, men vil han eller ho rekke å komme i mål før fristen er gått ut? Å legge inn fristar kan bidra til å halde sjåaren engasjert i forteljinga di.

4. Varslar (planting og hausting)

Varslar blir brukt som eit grep i dramaturgi for å peike framover om ting som kan komme til å skje. Dette blir òg kalla planting og hausting. Planting er i dramaturgi å lage hint om noko som kan skje for å auke spenninga i historia. Hausting er i dramaturgi spenningseffekten ein får ved å legge inn hint om at noko uventa kan skje i historia.

Sjå klippet frå sluttscena i kortfilmen Inn i vårt mørke hus. Ser du at det opne vindauget er eit forvarsel om at jenta kan komme til å rømme? Filmskaparen har planta eit hint og haustar resultatet når vi ikkje blir overraska over at jenta stikk av gjennom det same vindauget.

Kjelde

Harboe, J. M. & Poulsen, H. (2020). Close-up. Grundbog til mediefag C. Systime forlag.

Relatert innhald

Hollywood-modellen er ein mykje brukt dramaturgi med klassisk spenningsoppbygging og gjerne ein lykkeleg slutt.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2022

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon