Arbeidsoppdrag
Oppgåver til filmen Citizen Kane
I tillegg til å tilby ei innføring i filmspråk gir Citizen Kane eit interessant tidsbilete frå det amerikanske samfunnet tidleg på 1940-talet. Her er analyseoppgåver til filmen.
Kvifor har filmen fått tittelen Citizen Kane?
I Citizen Kane blir hendingar i fortid og i framtid sette saman som eit puslespel. Beskriv denne forteljeteknikken.
Lag ei tidslinje der historia som blir presentert i filmen, blir skriven ned kronologisk, frå byrjing til slutt.
Korleis blir verkemiddel som lys og skugge brukte i filmen?
Forklar korleis musikk blir brukt i filmen, mellom anna for å binde saman scener.
Kva kjenneteiknar kamerabruken i filmen?
I kva sjanger eller sjangrar kan vi plassere filmen?
Kven eller kva er rosebud?