Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag kortfilm

Bruk det du har lært om filmspråk, karakterutvikling og dramaturgi, og produser ei fiktiv filmforteljing i samarbeid med andre.
Hender på tastatur skriv manus på berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Gå saman med andre, og produser ein kortfilm på maksimalt ti minutt. Kortfilmen skal vere publiseringsklar for eit tenkt publikum og halde god kvalitet. De utviklar og skaper filmforteljinga sjølve.

1. Forarbeid

Idémyldring

Kva historie vil de fortelje, og for kven? Bruk ulike idéutviklingsteknikkar for å komme i gang.

Synopsis

Start arbeidet med å utvikle idéen til ei forteljing. Skriv ein der de spesifiserer hovudkarakter (protagonist), motstandar (antagonist), hovudkonflikt, målet til hovudkarakteren, vendepunkt, klimaks og løysing. Bruk gjerne skrivemalen "Synopsis" som støtte i arbeidet.

Filer

Presenter den ferdige synopsisen til andre i klassen og be om innspel. Juster innhaldet basert på tilbakemeldingane.

Skriv manus

Skriv eit manus som beskriv handlinga og replikkane i filmen, altså det vi seinare skal sjå og høyre. Sjå gjerne på fagartikkelen om manus og dramaturgi og fagartikkelen om korleis ein skriv manus. Pass på at de har ein tydeleg konflikt, interessante karakterar og dramaturgi.

Hollywood-modellen: ei spenningskurve som trappar roleg opp, toppar seg i eit klimaks og går bratt ned mot ei avslutning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bestem visuell stil og opptaksstader

Kva for eit visuelt uttrykk skal filmen ha? Skal det vere røft eller klassisk? Skal filmen vere i fargar eller i svart-kvitt? Korleis vil de ramme inn bileta, lyssetje, bruke kameravinklar og utsnitt for å forsterke historia? Det finst mange ulike måtar å løyse det visuelle på, sjå filmen "Skap den visuelle stilen i filmen".

De må finne ut kvar de skal filme. Sjekk ut stadene og tenk gjennom kva kostyme og rekvisittar de treng.

Skotliste og/eller storyboard

og kan lagast etter at de har sjekka ut stadene der de vil filme. Då er det lettare å skissere bileta som publikum skal få sjå. Ei skotliste er ei skriven oversikt over kvart bilete i filmen dykkar, mens eit storyboard er ei biletframstilling av manuset. Lag gjerne begge delar før de går i gang med opptak. Bruk gjerne dei foreslåtte malane i arbeidet.

Filer

Tre jenter står på ei gate og blir filma. Nokon held ein lydbom over dei. Foto.

2. Gjennomføring

Øving, førebuingar og opptak

Sørg for at alle som deltek i filmen, møter godt førebudd til filming. Køyr ein felles gjennomgang av manuset og andre førebuingsdokument, øv på replikkar og snakk med fotografen/fotografane om bileta. Då blir opptaka meir effektive – og betre!

Sjekk at alt utstyret er med, og at det fungerer! Les tips om korleis de handterer lydopptaka best mogleg i fagartikkelen "Slik får du god lyd i filmen din".

3. Redigering

Klipp, lagre og publiser

Importer opptaksfilene og set saman dei ulike elementa i eit eigna redigeringsprogram. Juster klipp, bilete og lydar, og legg eventuelt til fleire effektar. De kan finne musikk, lydeffektar og grafisk innhald i denne ressursen kan de finne fagartikkelen "Finn innhald du kan bruke og dele".

Hugs å få med tittel og ein plakat med produksjonsopplysningar og kreditering av dei som deltek, til slutt.

Lagre arbeidet i rett format, til dømes filformat MP4 med H.264.

Dersom de skal publisere på internett, kan de velje ein streng lisens som CC-BY-NC-ND (namngiving, ikkje-kommersiell, inga omarbeiding). Då kan ikkje andre endre arbeidet dykkar eller tene pengar på det. Les meir om det i fagartikkelen "Det handlar om å dele: Creative Commons".

4. Vurdering

Sjå filmen i klassen og be om tilbakemelding frå lærar og medelevar.

Kvar elev lagar deretter ein skriftleg refleksjonsrapport som beskriv prosess og produkt. Reflekterer over vala som vart gjorde undervegs i produksjonsprosessen. Vurder bruken av utstyr og programvare. Har de oppnådd god nok kvalitet på det ferdige resultatet? I kor stor grad har de vidareutvikla produksjonspraksisen dykkar? Reflekter òg over innhaldet og forma. Kva fortel filmen om samtida vår?

Dersom du ønsker det, kan du bruke denne malen som støtte i skrivearbeidet.



CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon