Hopp til innhald

Fagstoff

Kortfilm

Ein kortfilm er ein film som er kortare enn ein vanleg kinofilm. Ein kortfilm kan vere basert på fiksjon eller på fakta. Ein kort fiksjonsfilm blir gjerne kalla novellefilm. Novellefilmen har ein fortetta forteljingsstruktur.

Tuba Atlantic er eit eksempel på ein norskprodusert novellefilm.

Kortfilm

Kortfilm er i utgangspunktet ei nemning som blir brukt om ein film som er kortare enn ein vanleg film som blir vist på kino. Lengda på det vi kallar kortfilm, kan variere frå 5 til 30 minutt.

Omgrepet kortfilm blir brukt både om novellefilmar (som er korte spelefilmar), animasjonsfilmar, dokumentarfilmar, informasjonsfilmar, reklamefilmar og eksperimentelle filmar.

Novellefilm

I norskfaget har du lært noko om forskjellen mellom ei novelle og ein roman. Forskjellen er ikkje berre knytt til lengda på den fiktive forteljinga, men også til forteljeteknikk og bruk av litterære verkemiddel som lèt oss ane meir enn kva vi ser av dei konfliktane forteljinga handlar om.

Novellefilmen har ein meir intens og fortetta forteljingsstruktur enn spelefilmen. Vi blir presenterte for færre karakterar og konfliktar, og handlinga går gjerne føre seg på ein bestemt stad og i eit kort tidsrom. Som i den litterære novella blir vi ofte førte rett inn i handlinga utan å bli introdusert for karakterane og konfliktane vi møter.

Eksempel

Roman Polanskis Two Men and a Wardrobe (1958) og Lars von Triers Nocturne (1980) er eksempel på kjente novellefilmar.

Den norske novellefilmen Farukhs mynt tar opp ei aktuell problemstilling.

Animerte kortfilmar

Dei første animasjonsfilmane som blei laga, var teiknefilmar. Bakgrunnen og figurane blei teikna for hand og overførte til gjennomsiktige ark, som så blei plasserte lagvis og avfotografert på eit animasjonsbord. Men den klassiske, handlaga teiknefilmen er på veg ut. Dei fleste animasjonsfilmane som blir laga i dag, tek i bruk avansert datateknikk.

Toril Kove sin kortfilm Min bestemor strøk kongens skjorter (1999) er laga ved hjelp av den klassiske teiknefilmteknikken. Filmen blei nominert til Oscar. Eit viktig verkemiddel i teiknefilmar er den naive stilen. I Kove sin film ser vi ein konge som blir halshoggen, men fordi det heile er teikna i ein naiv stil, blir forteljinga langt frå så dramatisk som om scenen hadde blitt filma på ordinær måte.

Kortfilm basert på fakta

Mange dokumentarfilmar og informasjonsfilmar er laga i kortformat. Føremålet er gjerne å kaste lys over ei problemstilling eller påverke haldningar.

Eksempel: Kortfilmen Første skudd

Sjå norsk kortfilm

Tenesten filmbib inneheld eit utval norske kortfilmar. Du får sjå dei med nasjonalt lånekort.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2018

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon