Kva gjer ein film til ei forteljing? - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kva gjer ein film til ei forteljing?

Kortfilmen Frittgående (2016) er regissert av Finn Walther, og produsent er Håvar Gossé Bergseth. Kvifor kan vi kalle denne enkle filmen ei forteljing, og kva handlar han eigentleg om?
Video: Martin Aune Walther / Avgrensa bruksrett

Oppgåver

  1. Sjå kortfilmen Frittgående. Filmen har ingen dialog. Kva er det som gjer at vi likevel kan kalle denne filmen for ei forteljing?

  2. Beskriv bruk av dramaturgi og filmatiske verkemiddel.

  3. Tenk deg at du skal marknadsføre denne filmen på ein filmfestival. Kva er det filmen eigentleg handlar om?

  4. Kvifor har filmen fått tittelen Frittgående?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2022