Hopp til innhald

Fagstoff

Visuelle effektar før og no

Dei fleste som jobbar med visuelle effektar kjenner godt til George Méliès og den fantasifulle produksjonen hans i filmen sin barndom. The Matrix, med scenen "Bullet time", er også ein sentral historisk referanse innan visuelle effektar. Kva inspirerer deg mest?
Månen har fått noko i auget som ser ut som ein colaboks. Filmbilete.

Visuelle effektar høyrer med i filmproduksjon. Det er teknikkar for å lage visuelle framstillingar det ikkje er mogleg å få til med vanleg kamerateknikk.

Ein lakenkledd, gjennomsiktig person går gjennom ein gang. Bilete.

I denne artikkelen får du presentert to referansar innan visuelle effektar i film:

  • George Méliès (1900)
  • The Matrix (1999)

George Méliès – ein av dei første

Det nye mediet var spennande, og fantasien sette ingen grenser. Dobbelteksponering der to eller fleire bilete blir sette saman i filmruta, blei mykje brukt. Folk kunne vere gjennomsiktige spøkelse, små teskeikjerringar eller bli sette i ein kanon og skotne ut mot månen.

George Méliès var flink til å skape magi med film. Då han var liten, laga han mekaniske dokker og dokketeater. Han interesserte seg for magi og tryllekunst, og kjøpte eit magisk teater som gjekk dårleg. Her forbetra han oppsetjingane. Då filmen vart funnen opp i same by, Paris, av Lumière-brørne, vart det filmvisingar på teateret hans.

Han laga også eit filmstudio, med eit glashus i den eine enden og mørkerom i den andre enden. Til saman regisserte han 500 filmar, frå eitt til 40 minutt lange.

Skodespelarar veiver mot himmelen. Filmbilete.

Han vart stadig meir kreativ i påfunn av effektar, og laga samtidig fantastiske forteljingar. Han brukte dessutan storyboard til å beskrive ideane sine. Méliès hadde ikkje grønvegg eller digitale datamaskiner til å hjelpe seg med, han brukte effektar framfor og i kamera. Mellom anna brukte han

  • stopptriks
  • dobbelteksponering
  • negativ-positiv samkopiering
  • stop-motion

Sjå korleis Méliès skaper månelandinga i A trip to the moon frå 1902.

The Matrix

Også i nyare filmhistorie har vi døme på filmar som set standardar for bruk av effektar.

Då filmen The Matrix kom i 1999, vart han ein kultklassikar og kommersiell suksess. Søskena Wachowski hadde skrive eit komplekst manus og laga ei filmforteljing der dei visuelle effektane passar perfekt til historia.

Ei kampscene frå filmen The Matrix. Stillbilete.

Filmen er spekka med hint og referansar til tidlegare kulturelle verk og filosofisk tankegods, og han sette ein ny standard for bruk av visuelle effektar.

Bruken og miksen av visuelle effektar for å få fram mysteriet fenga, og det er godt handverk. Det er vanskeleg å skilje reelle opptak frå opptak på grønvegg.

Neo er tom for kuler og kastar pistolane. Motstandaren tar opp ein pistol og skyt. Kulene og tida går saktare, mykje saktare, og stoppar opp. Kamera sirklar rundt Neo. Han ligg bakover for å unngå kulene som heng rundt han.

The Matrix er kjent for "Bullet time", den staden i filmen der tida stoppar, og kamera held fram med å bevege seg i rommet. Her leikar ein med omgrepa tid og rom, noko menneske har filosofert over lenge. Det er ein ny type saktefilm (slow motion) frå 1990-talet, perfeksjonert i The Matrix. Opptaka er gjort på grønvegg, med stillbiletekamera rundt i sirkel.

Bli inspirert, finn fleire referansar

Relatert innhald

Digitalisering og ny teknologi har gitt film som uttrykksform nye visuelle verkemiddel. Visuelle effektar (VFX) blir brukte for å betre filmopptak.

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2019

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon