Hopp til innhald

Fagstoff

Filmmusikk

Musikk kan ha ulike funksjonar i ein film. Musikken kan vere ein naturlig del av filmen, eller bli brukt for å bygge opp ei spenning. Diegetisk, ikkje-diegetisk, doksal, paradoksal og leiemotiv er omgrep du bør kjenne til.

Musikk påverkar menneskesinnet

Film består av bilete og lyd. Vi skal sjå nærmare på nokre av funksjonane filmmusikken kan ha i samspelet med bilete.

Ein viktig tanke i barokken var at musikken kunne påverke menneskesinnet ved at bestemde toneartar og melodilinjer framkalla bestemde kjensler. Dette har mange filmkomponistar teke med seg vidare.

Musikken kan avgjere om ei filmscene blir opplevd som skummel eller ikkje, fordi musikk og bilete påverkar kvarandre gjensidig.

I klippet ser du ein liten gut som syklar rundt på trehjulssykkel i ein hotellkorridor. Plutseleg får han auge på to jenteskikkelsar som ber han kome og leike med dei, samtidig som vi ser bilete av at jentene ligg blodige på golvet. Er det bileta eller musikken som er skumlast? Og kan vi eigentleg skilje mellom musikk og bilete i ein slik samanheng?

Vi kan seie at det oppstår eit nytt teiknsystem i samspelet mellom bilete og musikk. I ein analyse må vi derfor sjå på bilete og musikk i samspel.

Diegetisk og ikkje-diegetisk musikk

Det er nyttig å skilje mellom diegetisk og ikkje-diegetisk lyd når ein arbeider med musikk på film og TV.

  • Diegetisk lyd er lyd som er med i filmen, for eksempel dersom ein av karakterane går rundt og syng på ein song.
  • Ikkje-diegetisk lyd er lyd som blir lagd oppå filmen eller programmet, og som seier noko om kva vi skal føle og tenkje.

Nokre gonger kan den diegetiske lyden gå over til å bli ikkje-diegetisk lyd, som vi finn eit eksempel på i filmen Kill Bill.

I dette klippet kjem ei dame plystrande i ein korridor. Dette er diegetisk musikk, han er naturleg med i filmen. Etter kvart blir det lagt på ikkje-diegetisk musikk, og den diegetiske og den ikkje-diegetiske musikken går over i kvarandre. Melodien som først vart plystra, blir gradvis teken over av blåsarane og resten av orkesteret.

Doksal og paradoksal musikkbruk

Omgrepa doksal og paradoksal kan seie oss noko om kva slags forteljejobb musikken har i ein film. Det doksale er det som er vanleg, ureflektert og gjerne klisjéprega. Vi finn det i mange underhaldningsfilmar. Her er musikken ein så naturleg del av filmen at vi knapt legg merke til han.

Fullt så vanleg er det ikkje med paradoksal musikkbruk. Då kan musikken kommentere og/eller motseie bileta, og forteljemåten i filmen kan vere drøftande og ironiserande. Eit eksempel på dette finn vi i Schindlers liste. Her får vi sjå nedslakting av menneske, mens musikken vi høyrer, er eit jødisk barnekor (Dybvik, 2019).

Vi finn også eit eksempel på dette i Apokalypse nå. Her er det ei kjend helikopterscene kor det blir utført eit angrep på vietnamesiske landsbyar til tonane av Richard Wagners "Valkyrierittet".

Leiemotiv

I Star Wars-filmane har Darth Vader "sin melodi", eller det vi kallar leiemotiv. Bruken av leiemotiv går tilbake til den tyske komponisten Richard Wagner (1813–1883). Han har inspirert mange filmkomponistar. Eit viktig verkemiddel i operaene hans er bruken av eit leiemotiv, som er ein melodi som blir knytt til ein bestemd person, ting eller situasjon.

Referanse til tid og stad

I mange filmar i dag bruker filmskaparane kjende og populære band eller tidlegare kjend populærmusikk. Dermed kan publikum knyte filmen opp mot noko kjend, og identiteten til bandet blir ein del av filmen.

Musikken kan også seie noko om tid og stad, for eksempel ved at det blir brukt ein kjend låt frå ein bestemd tidsperiode. Sjå ei scene frå filmen Apokalypse nå på YouTube, der ein eksplosjon i eit jungellandskap blir akkompagnert av The Doors-songen "The End". Dermed blir vi raskt plasserte i Vietnam i 60-åra.

Eldre musikk kan også brukast i nye samanhengar. I anslaget til Quentin Tarantinos film Inglourious Basterds blir for eksempel Ludwig van Beethovens pianostykke "Til Elise" spelt.

Musikk gir filmen rytme

Musikken kan også gi filmen ein rytme, anten ved at han følgjer same rytmen som filmen, eller ved at han motseier rytmen. For eksempel kan ei langsam scene ha musikk som går i raskt tempo, eller omvendt. Slik får musikken ei dramaturgisk rolle. Han kan byggje opp mot klimaks, understreke klimaks eller halde tilbake klimaks (Vik, 1997, s. 13).

Tilleggsstoff: Sjå dokumentarfilmen Score (2016)

I Score får du eit eksklusivt møte med verdas største komponistar innanfor filmmusikk. Du får sjå korleis dei jobbar, og vi får oppleve på nytt nokre av dei største augeblinkane i filmhistoria.

Kjelder

Dybik, K. (2019, 8. august). Uhørt om film. Aftenposten innsikt. https://www.aftenposteninnsikt.no/kulturtrender/uh-rt-om-film

Vik, S. (1997). Filmmusikk – følelsesmessig fyll eller forteller? Bøygen, 9(2), 9–17.

Relatert innhald

Musikk og film har alltid høyrt saman. I «Score» ser vi på filmhistoria med eit musikalsk blikk.

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon