Hopp til innhald

Fagstoff

Skap den visuelle stilen i filmen

Korleis kan du jobbe med det visuelle uttrykket for å gjere filmen din betre? Filmstudent Fredrik Teige Skrattegaard deler sine tips i ein video produsert for Amandusfestivalen.

Produksjonsdesign handlar om å utforme og gjennomføre det visuelle konseptet i ein film. Det handlar om "show, don't tell" (vis, ikkje fortel). Eit bilete på veggen kan fortelje mykje om ein karakter. Det kan også den rotete stova. Produksjonsdesignaren jobbar med å skape den riktige visuelle stilen i ein film. , dekorasjonar og kostyme er blant verkemidla.

"Tek du dei rette vala, kan du fortelje ei heil historie utan å seie eit ord", seier Fredrik Teige Skrattegaard, som studerer produksjonsdesign ved Den norske filmskulen på Lillehammer.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon