Det er lov å si nei - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Det er lov å si nei

Jane går i første klasse på vidaregåande og er forelska i Simen. Vil Jane gi etter for presset frå venninnene om å ligge med Simen, eller klarer ho å stå imot?

Om filmen

Jane bruker ikkje p-piller slik som dei fleste andre jentene i klassen. Ho har ikkje lyst til å skilje seg ut. Derfor puttar ho kunstige søtingstablettar i eit tomt p-pillebrett, slik at det ser ut som at ho òg går på p-piller.

Jane er forelska i Simen, og mykje tyder på at Simen liker Jane òg. Då venninnene hennar finn ut av dette, bestemmer dei seg for å arrangere ein fest der både Jane og Simen er invitert. Målet med festen er at Jane og Simen skal ligge saman, men Jane kjenner seg ikkje klar dette enno. Klarer ho å stå imot presset?

Det er lov å si nei er skrive og regissert av Aurora Kollerud Nossen. Filmskaparen tek gjennom filmen eit oppgjer med press som mange ungdommar opplever, eit press som er forårsaka av sosiale medium, TV-seriar og klassemiljø.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022