Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prøv deg på adapsjon

Fleire av Lars Saabye Christensens romanar er filmatiserte. No skal du øve deg på ulike forteljeteknikkar. Du skal skrive om ei filmscene frå spelefilmen Beatles til eit tekstavsnitt i ein roman, og lage eit storyboard til ei filmscene basert på eit tekstutdrag frå romanen Maskeblomstfamilien.

Oppgåve 1) Frå film til roman

Ovanfor kan du sjå ei kort scene frå spelefilmen Beatles (19:08–21:06).

Tenk deg at du er forfattaren Lars Saabye Christensen. Korleis ville du ha fortalt denne historia i ein roman? Lag eit forslag til tekst.

Oppgåve 2) Frå roman til film

Nedanfor er eit tekstutdrag frå Lars Saabye Christensens roman Maskeblomstfamilien (2003). Teikn eit storyboard som viser korleis dette kan bli fortalt i ei filmscene.

Det var den siste sommeren på landstedet.
Det skjedde nesten aldri noe.
Det var den sommeren far snart skulle dø.

Skyggen fra flaggstangen lignet viseren i et solur som gikk for fort. Når det var overskyet, eller regnet, sto tiden stille. Jeg vet ikke hva jeg likte best, at sommeren snart var over eller at den bare varte og varte, som dragsuget etter et usynlig skip, lastet med løv. Jeg pleide å sitte i vinduskarmen, på rommet mitt i andre etasje. Derfra kunne jeg se ned på badestranden, stupebrettet, hvor de gylne guttene sto i kø og kastet seg ut i vannet, det ene svevet dristigere enn det andre, mens pikene lå på svabergene og lyttet til små grammofoner i stedet for å beundre disse guttene som utelukkende var til for dem.

Jeg hørte ikke musikken. Men jeg så de sorte singlene som spant og spant i lyset, små hjul som fraktet pikene enda lenger vekk.

(Christensen, 2003, s. 24)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon