Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk og skap ein truverdig karakter

Finn ein karakter som fascinerer deg. Test ut korleis du kan få fram personlegdommen du ønsker, ved hjelp av sminke, hår og spesialeffektar. Klarer du å skape ein truverdig karakter til medieproduksjonen din?

Innleving i karakterar

Skalla mann med lange bartar, langt og smalt skjegg og kraftig augesminke ser rett i kameraet. Han har lange hanskar og ein høg krage. Svart-kvitt foto.

Vi identifiserer oss gjerne med personar vi blir kjende med gjennom film, litteratur og teater. Sjølv om dei lever andre liv, kan vi ofte kjenne oss igjen i sorger, gleder og utfordringar dei møter.

Korleis kan du skape ein truverdig karakter til medieproduksjonen din? Det første du må gjere, er å setje deg inn i kven personen er, og korleis hen ser ut. I desse oppgåvene skal du utforske kjende karakterar og skape ein eigen truverdig karakter.

1. Lag ei personskildring av ein kjend karakter

  1. Vel ein karakter frå ein serie eller ein film som fascinerer deg. Dersom du vil, kan du velje ein av dei fem karakterane frå presentasjonen under.

  2. Bruk fleire kjelder og finn ut korleis personen ser ut, og kva karaktertrekk hen har.

  3. Dersom du vel ein karakter frå ein historisk periode, bør du òg undersøke korleis moten var på denne tida.

2. Lag ei personskildring av ein karakter du sjølv diktar opp

  1. Beskriv korleis personen ser ut, kva eigenskapar hen har, og kva slags tid og miljø karakteren høyrer heime i.

  2. Lag skisser til korleis du kan bruke hår og sminke til å få fram uttrykket du ønsker.

  3. Vurder om du skal bruke spesialeffektar. Lag i så fall skisser til korleis du kan løyse dette med tilgjengeleg programvare og utstyr.

3. Gjennomføring

Nærbilete av ansiktet til ei kvinne. Kraftige rynker er sminka på ansiktet hennar. Foto.

Samarbeid med ein medelev, og byt på å vere modell for kvarandre.

  1. Ta bilete av personen som skal sminkast, før de byrjar. Fotografer undervegs i arbeidsprosessen og når karakteren er ferdig.

  2. Bruk, sminke, hår og eventuelle spesialeffektar til å skape karakteren du valde i del 2.

  3. Ha god dialog med modellen din. Forklar kva teknikkar du bruker, og kva slags verknad du ønsker å oppnå med dette.

4. Dokumentasjon og eigenvurdering

  • Ta utgangspunkt i personskildringa i del 2 og vurder korleis du har klart å attskape denne karakteren.

  • Beskriv korleis du har jobba gjennom bilete og tekst. Kva erfarte du gjennom utprøvingane dine, og korleis påverka dette vala dine?

  • Vurder kvaliteten i arbeidet ditt.

To foto i svart-kvitt som begge viser eit portrett av den same kvinna. På biletet til venstre har ho ikkje sminke på, mens på biletet til venstre har ho kraftig augesminke, mørk leppestift, bølgete, oppsett hår og eit hårband pynta med fjør. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Filmspråk og filmproduksjon