Hopp til innhald
Oppgåve

Helene sjekker inn: Rusbehandling

Kvifor er det så vanskeleg å slutte med rus? Helene Sandvig flyttar inn på rusbehandling på Tyrili på Lillehammer saman med unge rusavhengige. Her møter ho menneske som tidlegare har rusa seg tungt, men som no skal lære å leve utan rusen.

Oppgåver til filmen

  1. Kva forklaringar har menneska du møter i filmen, på at dei vart rusavhengige?

  2. Korleis trur du rusavhengnaden har påverka familiane til dei du møter i filmen?

  3. Kvifor er det så vanskeleg for personar med rusmiddellidingar å bli kvitt avhengnaden?

  4. Kva har rutinar og faste rammer å seie for at rehabiliteringa skal lykkast?

Gruppeoppgåver

  1. Kva rusførebyggande tiltak kjenner de til i nærområdet dykkar?

  2. Mange rusmiddelavhengige har gen som gjer dei ekstra sårbare for å utvikle rusmiddellidingar i tillegg til at dei veks opp i eit miljø som gir auka risiko. Korleis kan de som fagarbeidarar jobbe førebyggande mot rusmiddelavhengnad?

  3. Gå inn på heimesida til kommunen dykkar og finn ut kva tilbod som finst for personar med utfordringar knytte til rus og for dei pårørande. Lag ein digital informasjonsbrosjyre som blir delt i klassen.

Relatert innhald

Fagstoff
Rusførebyggjande arbeid

Målet med førebyggjande tiltak i samfunnet er å redusere dei sosiale og helsemessige skadane som følgjer rusmiddelbruk.