Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva veit eg? Rusmiddel

I podkast-serien Kva veit eg? møter komikaren Jonis Josef ulike fagfolk til ein samtale. I denne podkasten er temaet rusmiddel. Med seg i studio har han Thomas Claussen, professor ved Senter for rus- og avhengnadsforsking ved Universitet i Oslo.
Mann med svart krøllete hår og skjegg poserer framfor eit mikrofonstativ. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva veit eg? Rusmiddel

0:00
-0:00

Her finn du ein transkribert versjon, altså ein tekst av det som blir sagt i podkasten.

Transkripsjon Kva veit eg? Rusmiddel

Deltakarar:

Jonis Josef – Programleiar

Thomas Clausen – TC

Kva veit eg? – Rusmiddel

Programleiar: Hallo, hallo! Eg heiter Jonis Josef. I dag skal eg snakke om rusmiddel saman med ein professor ved Senter for rus- og avhengnadsforsking ved Universitetet i Oslo. Han kan svare på kva rusmiddel er, kor farlege dei er, kor lenge folk har rusa seg, og mykje meir. Du høyrer på "Kva veit eg" med Jonis Josef.

Programleiar: Velkommen til deg, Thomas Clausen!

TC: Takk!

Programleiar: Du jobbar ved universitetet, men kva spesifikt er det du jobbar med der?

TC: Eg jobbar ved Senter for rus- og avhengnadsforsking, som er ein del av Det medisinske fakultetet. Eg jobbar med undervisning og forsking som handlar om rus, spesielt om behandling av dei som har ein rusavhengnad.

Programleiar: Kva er definisjonen på rusmiddel?

TC: Det finst mange typar rusmiddel. Alkohol er éin type, og det blir lovleg selt. Illegale, eller ulovlege, rusmiddel er ei anna gruppe: hasj (cannabis), MDMA/ecstasy og så vidare. Det rusmiddel har til felles, er at dei kan gi oss ei oppleving av velvære. Men dei vil òg påverke funksjonen vår, avhengig av kor mykje vi tek. Viss vi til dømes drikk alkohol, kan vi oppleve velvære og at ting er morosamt og går fint, men samtidig vil vi mellom anna få dårlegare koordinasjon. Det påverkar evna vår til å til dømes køyre bil. Rusmiddel er ulike kjemiske stoff som verkar i hjernen. Ulike rusmiddel verkar litt ulikt, så det går ikkje an å seie at dei har felleseffektar, bortsett frå at alle gir ei rusoppleving.

Programleiar: Kva er den nedre grensa for rus? Ein kopp med kaffi, er det rus?

TC: Vanlegvis seier vi at te, kaffi og sigarettar – altså koffein og nikotin – er nytingsmiddel, men at dei i lita grad gir ei oppleving av rus. Rusmiddel er til dømes cannabis, ecstasy, kokain og alkohol. Og så kan ein bruke ein del legemiddel, som sovepiller og smertestillande piller, som rusmiddel – viss ein bruker dei på ein annan måte enn det legen skriv på resepten at ein skal gjere.

Programleiar: Kvifor har du valt å forske på dette?

TC: Eg er legeutdanna og interessert i befolkningshelse. Det vil seie kva som gjer helsa vår betre eller dårlegare. Då er rusmiddel eit tema som fort dukkar opp, fordi rusmiddelbruk i ei befolkning kan påverke helsa og funksjonen til folk på ein negativ måte. Eg synest det er spennande å finne ut meir om det.

Programleiar: Oslo er jo overdosehovudstaden i verda, har eg høyrt. Stemmer det?

TC: Ja, det har dessverre festa seg ein slags myte om det. Det er riktig at Noreg har eit ganske høgt tal for overdosar samanlikna med andre land. Det har ulike forklaringar. For tjue år sidan var det stort sett heroinoverdosar, og i dag er det ein betydeleg del av overdosane som blir forårsaka av smertestillande piller. Så det har endra seg litt over tid.

Programleiar: Kva er status i Noreg no? Det blir jo jobba med ei rusreform. Og så har vi vel slite ein del når det gjeld korleis vi har behandla narkomane, til dømes det at dei blei jaga frå Plata til Brugata. Kva er status quo for narkomane i Noreg?

TC: Inntrykket mitt er at vi i Noreg har eit ganske godt utgangspunkt når det gjeld rusmiddelbruk og rusmiddelproblem i befolkninga, samanlikna med mange andre land. Til dømes er bruken av rusmiddel blant ungdom ein god del lågare i Noreg enn i mange EU-land. Berre i Danmark er det betydeleg høgare bruk. Det betyr ikkje at vi ikkje har problem i Noreg, men det er ikkje her det står dårlegast til. Eg er ikkje så glad i å bruke ordet "narkoman", det er litt dårleg definert, og så er det som å setje ein merkelapp på nokon. Vi pleier å seie "ein person med rusavhengnad" eller "rusliding". Vi har ganske mange av dei i Noreg, men ikkje fleire enn i samanliknbare land.

Programleiar: Det er på mange måtar ein sjukdom, har eg høyrt folk seie. Du som er lege og ekspert på det, kva vil du seie?

TC: Det å bruke rusmiddel er ikkje ein sjukdom. Det er derimot veldig vanleg blant ein stor del av befolkninga. Men etter gjenteken bruk over ei lang tid kan ein utvikle ein avhengnad som er definert som ein sjukdom. Rusmiddelavhengnad er altså ein sjukdom.

Programleiar: Kor menneskeleg er det å ruse seg, vil du seie?

TC: Det er vanleg å ruse seg. Viss vi undersøkjer alkoholbruk i Noreg, så vil 90 prosent av den vaksne befolkninga rapportere at dei har brukt alkohol éin eller fleire gonger det siste året. Så det er veldig mange som bruker det legale rusmiddelet. I ungdomstida er det ganske vanleg å eksperimentere og få erfaringar med ulike rusmiddel. Til dømes vil så mange som éin av tre gutar i Oslo, etter russetida, seie at dei har hatt erfaring med cannabis, altså hasj eller marihuana.

Programleiar: Det er eit ganske høgt tal. I Noreg er det slik at alkohol er lovleg i dag, mens andre rusmiddel er ulovlege. Kvifor er det slik?

TC: Det handlar kanskje meir om historiske og kulturelle politiske tradisjonar enn om eigenskapane til stoffa. Nokre rusmiddel står på ei narkotikaliste, det vil seie ei internasjonal liste over stoff som ein har bestemt skal vere forbodne. Samtidig varierer bruken av rusmiddel i ulike delar av verda. I nokre kulturar er bruken av alkohol mykje mindre enn i vår del av verda. Det kan til dømes vere forbode på grunn av religion. Så lenge vi har skriftlege kjelder, altså fem tusen år tilbake, veit vi at menneske har brukt rusmiddel.

Programleiar: Fem tusen år, det er lenge!

TC: Ja, det har til dømes blitt laga vin gjennom fermentering, noko som vil seie at fruktsafter naturleg produserer alkohol. Det har ei veldig lang historie. Cannabis er heilt sikkert brukt, det òg, sidan det kjem frå ein plante. Det same gjeld for kokablad der det veks.

Programleiar: Det er ikkje lenge sidan eg høyrde at vikingane pleidde å ete sopp før dei skulle ut på tokt.

TC: Ja, sopp er ei anna kjelde til rus som også har vore tilgjengeleg, så det har nok antakeleg vore brukt i fleire tusen år.

Programleiar: Narkotika har jo mange mørke sider, som ulykker og tragiske ting som ofte skjer under påverknad. Kvifor trur du ulykker kan skje ved bruk av narkotika eller rusmiddel generelt?

TC: Alle rusmiddel gir ei rusoppleving, men dei påverkar samtidig funksjonen til hjernen og andre funksjonar i kroppen. Merksemda og koordineringsevna vår blir dårlegare mens vi er ruspåverka. Også evna vår til kritisk tenking og til å "tenkje oss om ein gong til" blir dårlegare, slik at vi kan bli meir impulsive. Vi kan tenkje at vi er verdsmeistrar og kaste oss ut i ting som vi ikkje ville gjort viss vi ikkje var ruspåverka. Vi tek større risiko, og på den måten kan det bli fleire ulykker. Nokon, særleg når dei er rusa på alkohol, vil i tillegg bli meir aggressive viss dei til dømes kjenner seg krenkt. Derfor skjer det slagsmål og den slags i tilknyting til rusmiddelbruk. Det ser ein konsekvensane av på legevakta ein fredag eller laurdag kveld.

Programleiar: Absolutt, og ikkje minst på kebabsjappene. Korleis er det å leve med avhengnad i Noreg? Det må jo vere ein forferdeleg trist skjebne, men slik eg voks opp, hadde vi eit veldig unyansert bilete av dei som sleit med rusavhengnad. Ein såg dei som var på gata og tenkte at "slik er det". Men så har eg sett dokumentarar, mellom anna på TV 2 med Kadafi Zaman. Der ser ein jo menneske som jobbar som vanleg – sjølv om dei er tungt rusavhengige. Korleis er det?

TC: Aller først kan eg kort seie kva rusmiddelavhengnad er. Rusmiddelavhengnad er ein sjukdom ein kan utvikle dersom ein bruker eit rusmiddel fleire gonger over tid, til dømes dagleg i fleire veker. Då skjer det noko i kroppen og hjernen. Opplevinga vi får når vi tek rusmiddelet, blir mindre intens etter kvart. Første gong tenkjer vi kanskje: "Å, no kjenner eg meg bra, dette var herleg!" Den positive effekten kan vi kjenne ganske sterkt og intenst dei aller første gongene, men effekten vil gradvis minke. Minnet om dei første gongene, då det var så intenst og herleg, vil likevel gjere at du vil ha lyst til å ta det meir og meir. Det er to motsette effektar: Samtidig som at den opplevde effekten av rusmiddelet blir svakare, blir trongen og lysta til å ta det berre sterkare. Det som kjenneteiknar ein rusmiddelavhengnad, er at ein mistar kontroll over inntaket. Rusmiddelet blir det sentrale i livet, og det einaste ein tenkjer på, er neste dose. Kontrolltap er dermed eit kjenneteikn ved avhengnad. Funksjonstap er òg eit kjenneteikn; det vil seie at ein ikkje klarer å følgje opp dei vanlege rollene og forpliktingane ein har i livet, anten det gjeld skule, utdanning, jobb, å vere forelder eller søster eller bror. Kontrolltap og funksjonstap er altså det som kjenneteiknar avhengnadstilstanden.

Programleiar: Det er jo utruleg fascinerande.

TC: Og så spurde du korleis det er å leve med dette. Det å få ein sånn tilstand er vanskeleg for dei det gjeld, og det er òg vanskeleg for dei som bur saman med eller står nær den som er avhengig. Det kan òg vere kostbart og vanskeleg for samfunnet og omgivnadene. I Noreg har vi ganske mange moglegheiter til å få behandling viss vi har ei rusavhengnadsliding. Mange får god effekt av behandling og kan komme tilbake til ein nokså normal funksjon. Så det er håp for dei som får ei avhengnadsliding.

Programleiar: Kva vil du seie er det farlegaste av dei ulike rusmidla?

TC: Det er ganske vanskeleg å svare på, for det finst ikkje eit soleklart svar. Alle rusmiddel har negative effektar. Dei er ulike og har ulike effektar, og dei har ulike risikoar og negative konsekvensar knytte til seg. For samfunnet samla sett har kanskje alkohol den største kostnaden, fordi det er så mange som bruker alkohol, og så mange som har alkoholproblem. Det gir eit stort omfang av sjukefråvær, sjukdom og behandling. Viss vi tel overdosedødsfalla, så er det heroin og andre morfinstoff som forårsakar flest, fordi desse stoffa kan gi pustestans. Dei verkar inn på det området i hjernen der pusten vår blir regulert. Cannabis gir ikkje pustestans, og det er heller ikkje vanleg at det gir valdelege tendensar. Men over tid kan cannabisbruk gjere at ein blir mindre motivert for å til dømes gjennomføre skulekvardagen sin. Konsekvensen kan vere at mistar det potensialet ein hadde for å få ein jobb. Det vil jo ha ein betydeleg kostnad både for den enkelte og samfunnet.

Programleiar: Er unge meir sårbare for rusmiddel?

TC: Ja, unge er dessverre meir sårbare for dei fleste rusmiddel, fordi hjernen blir utvikla og modnast gjennom heile ungdomstida og kanskje heilt fram til 25-årsalderen. Alle hjernecellene vi har, har ulike koplingar til kvarandre, sånn at det blir eit nettverk. Desse koplingane er under endring i ungdomstida. Nokon skal avsluttast, mens andre skal dannast. Viss vi bruker rusmiddel, kan det påverke den normale modningsprosessen. Derfor er ein i ungdomstida meir sårbar for at rusmiddelbruk kan få langtidskonsekvensar for korleis hjernen fungerer.

Programleiar: Då er det naturleg at desse tunge rusmidla er veldig skadelege, men kva med "ufarlege ting", som energidrikkar og snus?

TC: Dei midlane er nok mindre skadelege for utviklinga av hjernen enn dei andre rusmidla, både på kort og lang sikt. Jo yngre ein er når ein debuterer med rusmiddel, jo større er risikoen. Jo lenger ein utset debuten, også når det gjeld alkohol, jo betre er det. Derfor er aldersgrensa på alkohol 18 år, altså ganske langt ut i tenåringstida og perioden for modninga av hjernen.

Programleiar: Det er kanskje eit litt rart spørsmål, men viss ein skal prøve eit rusmiddel: Kva er det viktig å hugse på, og kva er det viktig å absolutt gjere eller ikkje gjere?

TC: Det er mange ungdommar som vil prøve det. Då er det viktig å vere varsam med doseringa. Dei fleste effektar avheng av kor stor dose ein tek, så det er viktig å prøve seg fram forsiktig. Det kan ta opptil ein halvtime før ein kjenner ein effekt, så ikkje ta for mykje for fort, då kan ein få ein overdose. Berre ta halvparten så mykje som dei som har vent seg til rusmiddelet. Det er òg viktig å vere saman med nokon. Viss ein sovnar eller backar ut og kastar opp samtidig, så kan ein vere i fare. Derfor er det tryggare å ta rusmiddel saman med andre.

Programleiar: Då vil eg prøve å oppsummere litt, Thomas. Vi deler rusmiddel i ulike kategoriar. Vi har illegale/ulovlege rusmiddel, og vi har det som er lovleg, til dømes alkohol. Og så har vi det som vi får på resept frå legen, til dømes piller og morfin. Alkohol er lovleg mellom anna på grunn av ei lang historie og mykje politikk. Vi har veldig mange ulovlege rusmiddel som folk likevel nyttar seg av i Noreg. Ved langvarig bruk av ulike rusmiddel kan ein utvikle rusavhengnad. Det er på mange måtar ein sjukdom som er vanskeleg å komme seg ut av. Det gir funksjonstap, og så gir det …?

TC: Rusmiddelavhengnad gir òg kontrolltap, altså det at ein ikkje klarer å la vere å ta rusmiddel, og at ein ikkje klarer å tenkje på noko anna. Det blir målet i livet, og kvardagen handlar om å skaffe seg neste dose. Dei andre vanlege tinga kjem i bakgrunnen.

Programleiar: Nettopp. Og greia med unge menneske er at dei er ekstra sårbare overfor rusmiddel, i den forstanden at hjernen framleis er i utvikling. Rusmiddel kan tukle med den prosessen. Viss ein absolutt skal prøve, så bør ein gjere det innanfor trygge rammer. Ein bør vere saman med folk ein kjenner, og ein bør ta små dosar av gongen. Dessutan bør ein vente til ein er over 25 år.

TC: Det siste er absolutt eit godt råd, altså det å utsetje debuten for rusmiddelbruk – jo eldre ein er, jo betre er det.

Programleiar: Tusen takk til deg, Thomas Clausen! Eg blei veldig mykje klokare i dag.

TC: Sjølv takk!

Produsert av Både Og for NDLA

Vel enten oppgåve 1 eller oppgåve 2:

Oppgåve 1. Noter nøkkelord og skriv eit refleksjonsnotat

Oppgåve 2. Rusmiddel

Lytt til podkasten og svar på spørsmåla:

  1. Kva er rusmiddel?

  2. Kvifor er ikkje Thomas Claussen så glad i å bruke ordet "narkoman"?

  3. Kor vanleg er det å ruse seg?

  4. Kvifor er nokre rusmiddel lovlege og andre ulovlege?

  5. Kvifor kan rusmiddel ofte vere ei årsak til ulykker?

  6. Kva er rusmiddelavhengnad?

  7. Kva for nokre negative konsekvensar kan ulike rusmiddel føre med seg? Gi konkrete døme.

  8. Kvifor er unge ekstra sårbare for rusmiddel?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad