Hopp til innhald
Oppgåve

Jobbmeistrande oppfølging

Arbeid er viktig for økonomien til kvar enkelt, men òg for helse, trivsel og livskvalitet. I denne filmen møter du Sigbjørn, som takka vere eit oppfølgingstilbod for personar med psykiske lidingar meistrar både jobb og livet elles betre enn før.
I denne filmen møter du Sigbjørn, som takka vere eit oppfølgingstilbod for personar med psykiske lidingar meistrar både jobb og livet elles betre enn før. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver til filmen

  1. Kva er målet med jobbmeistrande oppfølging?
  2. Kva blir meint med at prosjektet er hjelp til sjølvhjelp?
  3. Kvifor er arbeid viktig for sjølvkjensla?
  4. Korleis kan jobben hjelpe Sigbjørn til å ha kontroll på sjukdommen sin?
  5. Kva blir meint med "empowerment"?

  6. Gå til nettsidene til Nav og les om oppfølging og tiltak for å komme i jobb, og finn ut kva tilbod som finst for å hjelpe personar med psykiske helseproblem inn i arbeidslivet.