Hopp til innhald

Fagstoff

Psykiske lidingar

Psykiske lidingar er sjukdommar og tilstandar som påverkar tankar og kjensler på ein måte som reduserer funksjonsevna og livskvaliteten til mellom 15 og 20 prosent av befolkninga i Noreg.
Mann og kvinne sit på benk. Kvinna lener seg inntil mannen og held ein arm rundt han. Begge ser alvorlege ut. Foto.

Psykisk helse

Psykisk helse er noko vi alle har, og det handlar om korleis vi har det med oss sjølve og andre. Sjølv om du nokre gonger føler deg nedfor og opplever psykiske utfordringar, betyr ikkje det at du har ei psykisk liding.

God psykisk helse heng tett saman med livsmeistring og livskvalitet, og den psykiske helsa både påverkar og blir påverka av den fysiske helsa vår. På same måte som det kan oppstå fysiske helseplager eller sjukdom i ulike livsfasar, kan òg den psykiske helsetilstanden variere gjennom livet, og det kan skje avhengig eller uavhengig av den fysiske helsa. Fysisk sjukdom, som til dømes beinbrot, kan føre til immobilitet som igjen påverkar den mentale tilstanden vår, og på same måte kan psykiske plager og lidingar påverke den fysiske helsa vår fordi vi ikkje har overskot til å trene og vere aktive.

Dei fleste av oss kan kjenne igjen spesielle særeigenskapar ved personlegdommen til oss sjølve eller andre, men det er ikkje det same som at du eller andre lir av psykisk sjukdom. Dette kan du lese meir om i artikkelen om psykisk helse i relatert innhald.

Psykiske lidingar

Ifølge Folkehelseinstituttet inneber psykiske plager vanlege variasjonar i åtferd og kjensler knytte til hendingar i livet, mens omgrepet psykiske lidingar omhandlar symptom som varer over tid og som regel medfører eit uttalt tap av funksjon i dagleglivet. Både genetiske og miljømessige faktorar kan auke risikoen for psykiske lidingar, og i dei fleste tilfelle handlar det om ein kombinasjon av ulike faktorar.

I motsetning til somatiske sjukdommar kan ikkje psykiske lidingar diagnostiserast ved hjelp av blodprøvar, måling av kroppstemperatur eller røntgenundersøkingar, og i mange tilfelle kan det vere vanskeleg å skilje mellom kva som er normale avvik og kva som er sjukdom. Når nokon opptrer på ein måte som bryt med dei sosiale normene, altså kva som blir rekna som normal åtferd i samfunnet, blir det ofte tolka som eit teikn på sjukdom eller skade.

Tenk over

Sosiale normer varierer i ulike samfunn og frå tid og stad. Viss du eller ein av vennene dine spring naken gjennom sentrum på ein vanleg kvardag, vil det sannsynlegvis bli oppfatta som unormalt. Korleis vil det bli tolka viss de er russ og det same skjer i byrjinga av mai?

Sju personar kledde i raudruss-kjede. Dei sit på rekke ved sida av kvarandre. Biletutsnittet har ikkje med ansikta deira. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsaker til psykiske lidingar

Ei rekke lidingar går under kategorien psykiske lidingar, og årsakene til lidingane er ofte ein kombinasjon av arvelege faktorar og miljøfaktorar. Arvelege faktorar åleine kan til dømes ikkje forklare kvifor enkelte i ein familie får psykiske plager mens søsken ikkje blir ramma, sjølv om dei deler dei same gena.

Det er kjent for dei fleste at livsstilsfaktorar som kosthald, røyking, søvnmangel og inaktivitet kan medføre auka risiko for somatiske sjukdommar som hjarte-karsjukdom, kreft og diabetes, men mange av dei same faktorane kan òg påverke sannsynet for psykiske lidingar. Psykiske lidingar kan òg oppstå etter fysiske og psykiske påkjenningar og som følge av sjukdom eller skadar. Samlivsbrot, uventa dødsfall i nær familie, eigen eller andre sin sjukdom medfører auka risiko.

Sosial forskjell er ein faktor som i stor grad påverkar folkehelsa i Noreg, med tanke på både psykiske og fysiske helseplager. Store forskjellar i utdanningsnivå, økonomi og levekår gjer at ikkje alle har dei same mogelegheitene til å velje ein helsefremmande livsstil som vernar mot både mental og somatisk (fysisk) uhelse. Risikoen for utvikling av helseplager er høgare dersom du veks opp i eit område med mykje støy, forureining og avgrensa mogelegheiter for fysisk aktivitet, og dersom du droppar ut av skulen eller arbeidslivet.

Førebygging av psykiske lidingar

Som helsefagarbeidar skal du motivere og støtte brukarar til å ta vare på si eiga helse. Dei same livsstilsfaktorane som vernar mot somatisk sjukdom, altså kosthald, fysisk aktivitet, nok søvn og måtehald med alkohol, er sentrale òg for ei god psykisk helse. I tillegg vil gode sosiale relasjonar og ein trygg oppvekst fremme den psykiske helsa vår, mens sosial avvisning og vanskelege oppvekstvilkår gir auka risiko for psykiske helseproblem.

Resiliens

Ein sunn livsstil førebygger livsstilssjukdommar, men sjølv om du er fysisk aktiv, har eit sunt kosthald og er måtehalden med alkohol, kan du risikere å bli sjuk. Det finst òg mange tilfelle av menneske som har ein usunn livsstil, men som likevel har god helse og lever lenge. Til dømes veit dei fleste av oss at dersom du røyker, har du ein betydeleg forhøgd risiko for å utvikle lungekreft. Statistikk frå Kreftregisteret viser at heile 80 prosent av alle lungekrefttilfelle skuldast bruk av tobakk. Likevel veit vi at mange som røyker, ikkje får lungekreft, og at 20 prosent av dei som får diagnosen lungekreft, faktisk ikkje er røykarar.

På same måte som dømet om at ikkje alle som røyker, får lungekreft, kan omgrepet resiliens bli brukt for å forklare kvifor nokre menneske klarer seg bra og unngår utvikling av psykiske lidingar trass i ein tøff barndom med mange påkjenningar og traume. Resiliens er ein psykologisk motstandsdugleik og evne til å handtere utfordringane i livet og meistre kvardagen. Det kan samanliknast med korleis eit godt immunforsvar gir oss vern mot infeksjonssjukdommar.

Psykologen Kari Frank trekker fram tre tiltak for å auke resiliens:

  1. Knytt band. Bygg og ta vare på dei gode gjensidige relasjonane, alt frå nær familie og venner til frivillige lag og foreiningar.

  2. Set deg mål. Å jobbe seg nærare mål som er oppnåelege, gir energi og framtidsoptimisme.

  3. Ta vare på deg sjølv. Det gir glede å hjelpe andre, men hugs sikkerheitsinstruksjonane når du er om bord i eit fly: Viss det blir mangel på oksygen, må du ta på di eiga oksygenmaske før du hjelper andre. Dette kan vi overføre til livet generelt.

Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen mellom psykiske plager og psykiske lidingar?

  2. Forklar omgrepa

    • sosiale normer

    • sosial forskjell

    • resiliens

  3. Kva trur du er årsaka til sikkerheitsinstruksjonen frå flyreiser blir brukt som døme på tiltak for å auke resiliens, og kva inneber det for deg i jobben som helsefagarbeidar?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2023). Folkehelserapporten. https://www.fhi.no/he/folkehelserapporten/?term=

Folkehelseinstituttet. (2018). Barn og unges psykiske helse: Forebyggende og helsefremmende folkehelsetiltak. En kunnskapsoversikt. https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2018/barn_og_unges_psykiske_helse_forebyggende.pdf

Frank, K. (2020, 25. mars). Hva er resiliens? Norsk psykologforening. https://www.psykologforeningen.no/foreningen/aktuelt/aktuelt/hva-er-resiliens

Kreftregisteret. (2023, 10. mai). Lungekreft. https://www.kreftregisteret.no/temasider/kreftformer/lungekreft/

Lauveng, A. (2020). Grunnbok i psykisk helsearbeid. Det landskapet vi er mennesker i. Universitetsforlaget.

Relatert innhald

Kva er psykisk helse? Kva påverkar den psykiske helsa di , og kva er sambandet mellom psykisk og fysisk helse?

Einsemd er ein risikofaktor for redusert både fysisk og psykisk helse. Mange opplever einsemd, men kvifor er det så vanskeleg å seie at du er einsam?

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2023

Læringsressursar

Psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad