Hopp til innhald
Fagartikkel

Angstlidingar

Angst er ei ubehageleg kjensle, men nokre gonger kan ho vere nyttig, fordi ho får oss til å unngå situasjonar som kan medføre risiko for helseskade. Sjukeleg angst kan likevel føre til store avgrensingar i sosialt liv, utdanning og arbeid, og det kan dermed gå ut over livskvaliteten.

Fight, flight, freeze

Omgrepa frykt og angst blir ofte brukt om kvarandre, men dei er ikkje heilt det same. Mens frykt handlar om redsel i ein reell faresituasjon, kan angst handle om bekymring for noko som kanskje kan komme til å skje i framtida.

Når vi blir redde, blir "fight-or-flight-responsen" aktivert, det er reaksjonen til kroppen på ein truande situasjon. Fryktreaksjonen kan føre til at du prøver å kjempe mot faren (fight), eller at du prøver å flykte (flight) eller unngå han. Nokre gonger kan det hende at du får ein frysrespons (freeze) og ikkje klarer å gjere noko som helst. Det som skjer i kroppen når fight-or-flight-reponsen blir aktivert, er at det sympatiske nervesystemet set i gang prosessar for å gjere oss klare til kamp eller flukt. Det inneber mellom anna å auke forbrenninga for å gi meir energi til musklane, og desse prosessane gir kroppslege symptom som hyperventilering, hjartebank, muskelspenningar, sveitting og rastløyse.

Eit angstanfall gir ofte mange av dei same symptoma som fight, flight eller freeze, men utan at det er ein reell faresituasjon. Nokre gonger forstår ein person at det ikkje er nokon realistisk grunn til angsten, men klarer likevel ikkje å unngå han.

Årsaker til angstlidingar

Mens enkelte opplever utvikling av angst etter ei traumatisk hending, opplever dei fleste ei gradvis utvikling av lidinga. Sannsynlegvis kjem angstlidingar av ein kombinasjon av biologiske, psykologiske og sosiale faktorar. Angstlidingar kan oppstå samtidig som depresjon eller andre psykiske lidingar, og omtrent 50 prosent av menneske som lir av ei angstliding, har ei ekstra angst- eller depresjonsliding. Angst kan òg komme som ei tilleggsliding ved somatiske (fysiske) sjukdommar.

Ulike angstlidingar

Det finst mange ulike typar angst og ulike måtar å dele dei inn på.

Ulike angstlidingar

Her er ei samanfatta oversikt over dei vanlegaste angstlidingane.

Spesifikk fobi
er redsel for eit spesifikt objekt eller situasjon, til dømes edderkoppar eller å reise med fly.
Sosial fobi
er angst for sosiale situasjonar når andre kan sjå og bedømme deg.
Posttraumatisk stressliding (PTSD)
er ein angstreaksjon etter å ha opplevd traumatiserande hendingar med intens frykt og hjelpeløyse.
Generalisert angstliding (GAD)
er ukontrollerbar og overdriven bekymringar for fleire tema samtidig.
Panikkliding
er uventa panikkanfall og angst for nye anfall. Mange utviklar i tillegg agorafobi som gjer at dei unngår stader med store folkemengder.
Tvangsliding (OCD)
er når tvangstankar skaper ubehag, og tvangshandlingar blir brukte for å dempe ubehaget. Til dømes overdriven vasking ved redsel for smitte.
Hypokondri
er overdriven helseangst.

Behandling av angstlidingar

Eit fellestrekk for personar med angstlidingar er dei prøver å unngå det som utløyser angsten, og ubehandla angst kan derfor medføre store avgrensingar i kvardagen og redusert livskvalitet.

Terapi

Ulike formar for samtaleterapi blir brukt som psykologiske behandlingsmetodar for angstlidingar. Terapien inkluderer ofte kognitiv åtferdsterapi og ulike metodar for eksponering for å overvinne den irrasjonelle angsten. Kognitiv åtferdsterapi handlar om å forandre tankemønster og åtferd relatert til angstlidinga til meir føremålstenlege tankemønster og åtferd for å fungere i kvardagen. Ved ein gradvis eksponering leidd av terapeuten kan til dømes ein person med angst for store folkemengder etter kvart lære seg at det ikkje er farleg å gå på kjøpesenteret.

Medikamentell behandling

For nokon kan antidepressive legemiddel føre til mindre angst og betre livskvalitet. Angstdempande medisinar dempar symptoma på kort sikt, men langtidsverknaden er meir uviss. Angstdempande medisinar er vanedannande, og dei blir derfor berre tilrådde til kortvarig bruk.

Hjelp ved panikkanfall

Dersom du opplever at nokon får eit panikkanfall, er det viktig at du som helsefagarbeidar er roleg og fortel at symptoma ikkje er farlege. Hjelp vedkommande med å puste roleg, og bli hos personen til anfallet er over. Når anfallet er over, kan du gi helseinformasjon om kva som skjer i kroppen under panikkanfall.

Utfordringar til deg

  1. Når har du opplevd at angst for å skade deg sjølv har fått deg til å unngå ein situasjon eller la vere å gjere noko?

  2. Sjå nærare på biletet av måleriet Skrik. Kva trur du at Munch ønskte å formidle med at dei to personane bakarst i biletet går rett fram og ikkje legg merke til skikkelsen som skrik?

  3. Korleis tolkar du det viss ein venn sender deg ei melding med Skrik-emoji? 😱

  4. Diskuter i par: Kva trur de kan vere årsaka til at personar med somatiske sjukdommar kan få angstlidingar i tillegg?

Kjelder

Kennair, L. E. O. & Malt, U. (2021, 11. januar). Frykt. I Store norske leksikon. https://snl.no/frykt

Solem, S. Nilsen, T. & Vogel, P. A. Angstlidelser. I R. Hagen & L. E. O. Kennair (Red.), Psykiske lidelser. (1. utg., s. 142–156). Universitetsforlaget.

Relatert innhald