Hopp til innhald

Fagstoff

Stemningslidingar

Stemningslidingar er ei fellesnemning for tilstandar som påverkar tankar, åtferd og kjensler i større grad enn normale opp- og nedturar i livet. Dei to hovudgruppene av stemningslidingar blir kalla unipolar depresjon og bipolar liding, og dei rammar opptil ein femtedel av befolkninga.
Kvinne med hette over hovudet held hendene føre ansiktet mens ho lener seg mot ein betongvegg. Ho har knytt nevane og pressar dei mot auga. Foto.

Stemningslidingar

Stemningslidingar er den vanlegaste forma for psykiske lidingar. I tillegg til å føre til psykiske helseplager kan stemningslidingar vere forbundne med betydelege fysiske plager og funksjonssvikt. Hovudgruppene unipolar depresjon og bipolar liding blir delte inn i fleire undergrupper ut frå symptom, varigheit og alvorsgrad.

Kriteria for å skilje stemningslidingar frå normale svingingar i stemningsleie er at varigheita av depresjon er to veker, og oppstemtheita må ha vart i minimum fire dagar. Desse kriteria blir brukte både for å skilje mellom bipolar liding og unipolar depresjon og for å sjå bort frå at symptoma kjem av ein reaksjon på krisar eller andre tilstandar.

Årsaker

Både unipolar depresjon og bipolar liding kjem av ein kombinasjon av biologiske, psykologiske og sosiale faktorar.

Det er ikkje påvist spesifikke gen som gjer nokon meir disponerte for depresjonar enn andre, men ein trur at nokre menneske har ei sårbarheit knytt til personlegdommen og veremåten sin som kan gi auka risiko. Stressande livshendingar aukar òg risikoen, men det er stor forskjell på kor stor belastning ulike menneske handterer før dei utviklar ein depresjon. Grunnen til det er at vi har ulik grad av motstandskraft (resiliens).

Bipolar liding er ei av dei psykiske lidingane med størst arvelegheit. Det betyr ikkje at alle førstegradsslektningar, altså barn, søsken og foreldre, av personar med denne lidinga òg vil få ho, men risikoen er ti gonger høgare enn for andre.

Symptom på depresjon

Å vere deprimert er ikkje det same som å føle seg litt trist eller nedfor i nokre dagar. Depresjon er ein sjukdom som varer mykje lenger og påverkar funksjonsevna og evna personen har til eigenomsorg. Vanlege symptom på depresjon er:

  • senka stemningsleie

  • nedsett energi og aktivitetsnivå

  • manglande interesse og glede

  • nedsett konsentrasjonsevne og merksemd

  • redusert sjølvkjensle og sjølvtillit

  • triste og pessimistiske tankar om framtida

  • skuldkjensle og mindreverdskjensle

  • angst og uro

  • søvnforstyrringar

  • appetittforstyrringar

  • redusert sexlyst

Tenk over

Har du sjølv sagt, eller høyrt nokon seie, at dei er deprimerte fordi det gjekk dårleg på ein prøve eller fordi Noreg tapte fotballkampen?

Kva tenker du om bruken av omgrepet "deprimert" i denne samanhengen?

Bipolar liding

Ved bipolar liding svingar stemningsleiet mellom hevd stemningsleie og auka energinivå til depressive periodar med senka stemningsleie og nedsett energinivå. Mellom desse periodane kan personen ha periodar med få eller ingen symptom. I dei depressive periodane er symptoma nokolunde dei same som ved unipolar depresjon.

Oppstemtheita ved bipolar liding blir delt i to grupper basert på graden av oppstemtheit. Eit overdrive høgt stemningsleie med overdriven tru på eigne evner og eigenskapar blir kalla mani, og dette blir kalla bipolar liding type 1. Når stemningsleiet er mellom normalt og mani, blir det kalla hypomani, og denne forma blir kalla bipolar liding type 2.

Endringa i åtferd ved hypomani er vanlegvis ikkje så stor at ho fører til nedsett funksjonsevne i kvardagen. Maniske episodar kan derimot vere svært belastande for både personen sjølv og dei næraste fordi det kan medføre ukritisk og impulsiv framferd både på jobb og i privatlivet, som til dømes overdriven og ufornuftig pengebruk. Bipolar liding gir i tillegg auka risiko for sjølvmordsåtferd.

Behandling

Depresjonar blir ofte behandla med ulike former for samtaleterapi, eventuelt i kombinasjon med antidepressive legemiddel. Livsstilsendringar som fysisk aktivitet, normal døgnrytme, regelmessige måltid og avgrensa inntak av rusmiddel blir tilrådd både for å betre plagene og for å førebygge tilbakefall av depresjon. Elektrostimuleringsbehandling (ECT) er ei behandling der elektrisitet blir brukt mot hovudet for å framkalle eit epileptisk anfall. Forsking viser at for personar med alvorleg depresjon kan ECT gi betre effekt enn medikament og terapi.

Ved bipolar liding blir det tilrådd strukturert psykoterapeutisk behandling i kombinasjon med medikamentell behandling med stemningsstabiliserande legemiddel. I behandlinga lærer pasientane korleis dei kan oppdage varselsymptom på at ein ny episode med depresjon eller mani/hypomani er på gang, for å førebygge at det skjer. Normal døgnrytme, stressmeistring og avgrensa inntak av rusmiddel blir òg tilrådd.

Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen på å vere litt nedfor og å vere deprimert?

  2. Korleis kan auka resiliens verne mot utvikling av depresjon?

  3. Kva trur du er årsaka til at bipolar liding medfører auka risiko for sjølvmordsåtferd?

Kjelder

Malt, U. (2019, 23. september). Stemningslidelser. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/stemningslidelser

Nysæther, T.E. & Walvig, H.-J. Stemningslidelser. I R. Hagen & L. E. O. Kennair (Red.), Psykiske lidelser. (1. utg., s. 123–141). Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 07.11.2023

Læringsressursar

Psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad