Kva er angst?
Kva er forskjellen på angst og frykt? Bruk døme til å forklare.
Korleis kan angstlidingar hemme livskvaliteten?
Korleis kan du som helsefagarbeidar hjelpe brukarar med å bygge og halde ved like sosiale nettverk?
Gå inn på heimesida til kommunen dykkar, og finn ut kva aktivitetstilbod som finst for personar med angst eller andre psykiske lidingar.
Vel eit av tilboda og gjer dykk kjende med kva det går ut på. Drøft i gruppa kvifor de meiner at dette er eit godt tilbod for personar som lir av angst.
Korleis vil de motivere ein person med sosial angst til å delta på eit av aktivitetstilboda de fann i oppgåve 1? Lag eit rollespel der ein av dykk er brukar, ein er helsefagarbeidar, og resten av gruppa observerer. Refleksjon i gruppa etterpå:
Korleis opplevde "brukaren" det å bli freista overtalt til å bli med?
Korleis opplevde "helsefagarbeidaren" det å skulle motivere den motvillige "brukaren" til å bli med?
Korleis opplevde observatøren/observatørane situasjonen?
Korleis kan sosiale nettverk førebygge einsemd og psykiske lidingar?
Kva tiltak kan de som helsefagarbeidarar setje i verk for å betre livskvaliteten til personar med angstlidingar?
Relatert innhald
Einsemd er ein risikofaktor for redusert både fysisk og psykisk helse. Mange opplever einsemd, men kvifor er det så vanskeleg å seie at du er einsam?
Korleis er det sosiale nettverket ditt bygd opp, og kva tiltak kan du gjere for å styrkje dei sosiale nettverka for pasientar og brukarar?