Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Einsemd som folkehelseproblem

Einsemd er risikofaktor når det gjeld både fysisk og psykisk helse. Mange opplever ufrivillig einsemd, men kvifor er det så vanskeleg å seie at du er einsam? I denne dokumentaren (lengde 51:58) snakkar programleiar Vilde med fleire unge vaksne om einsemd og prøver å bygge nye sosiale nettverk.

Utfordringar til deg

  1. Når følte du deg einsam sist?

  2. Kva treng du for å ikkje føle deg einsam?

  3. Kvifor er det så vanskeleg å snakke om einsemd når det er så mange som opplever det? Diskuter med ein medelev.

  4. Kva kan du gjere for å førebygge ufrivillig einsemd for deg sjølv og andre? Diskuter i klassen.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 11.12.2025