Sjukepleie ved psykiske lidingar
Psykisk sjuke menneske kan trenge støtte i samanhengar der dei fleste utan psykiske plager klarer seg på eiga hand. Relativt små tiltak kan utgjere store forskjellar. Støtta kan handle om å hjelp til å skape sosiale relasjonar, ta avgjerder, kontakt med helsevesen og institusjonar eller skule og arbeidsplassar.
Mange pasientar med psykisk utfordringar kan ha god nytte av ein støttekontakt i tillegg til den støtta dei får frå helsevesenet.
Menneske med psykisk lidingar treng føreseielegheit i kvardagen. Det kan vere svært vanskeleg å takle uventa hendingar, og problema kan bli endå større. Det beste er derfor at dei har få helsearbeidarar å ta omsyn til, og at dei daglege gjeremåla skjer på same måte til same tidspunkt kvar dag.
Det kan vere utfordrande å samtale med menneske som er djupt deprimerte, angstfylte eller har eit annleis verkelegheitsbilete. Det er vanskeleg å setje seg inn i situasjonen for den andre fordi psykiske plager er subjektive. Vi bør unngå å komme med lettvinte frasar som "det går over" og "dette går nok bra, skal du sjå", fordi det opplevast som om vi bagatelliserer plagene. I ein kommunikasjonssituasjon er det viktig å bruke god tid og lytte aktivt. Ofte kan det vere nødvendig med hjelp til å setje ord på kjenslene sine.
Ein som er psykisk sjuk, har gjerne lågt sjølvbilete. Derfor er det òg viktig å anerkjenne, gi ros og oppmuntring og slik hjelpe dei til å sjå sine eigne ressursar. Det er avgjerande at du som helsefagarbeidar ser mennesket du møter, og ikkje berre diagnosen.
Hugs!
Som helsefagarbeidaren skal du halde deg innanfor ditt kompetanseområde og ikkje gå inn i terapeutiske samtalar med psykisk sjuke menneske.
Eit menneske som har depresjon, sterk angst eller er psykotisk, kan ha så store problem i kvardagen at evna til eigenomsorg er sterkt nedsett. Då er det viktig at du som helsefagarbeidar hjelper til. Det å vite at ein er ustelt, kan forsterke det dårlege sjølvbiletet og kjensla av avmakt.
Aktivitet er godt for både kropp og sjel. Gjennom aktivitet held vi oppe eller betrar dei naturlege funksjonane til kroppen, og dette verkar positivt inn på meistringskjensla. Når menneske med psykiske lidingar er i aktivitet, blir merksemda retta mot noko anna enn dei psykiske problema.
I dei fleste kommunar finst det aktivitetstilbod og interesseorganisasjonar for menneske med psykiske helseplager. Du bør hjelpe til med å finne fram til desse tilboda og oppmuntre til å delta i dei. Helsetilstand og dagsform avgjer kva type og kor mykje aktivitet som passar.
Søvnmangel kan utløyse psykiske sjukdommar som depresjon, angst og bipolar sjukdom. Det er derfor viktig å rettleie om søvnfremmande tiltak.
Stressmeistring kan òg bidra til å betre søvnen. Det kan lærast gjennom kurs eller ved hjelp av handbøker. Teknikkar for å påverke tankemønsteret kan òg lærast og vere til god hjelp for å kunne slappe av og slik få god kvalitet på søvnen.
Avspenning er fellesnamn for ei rekke ulike teknikkar som kan bidra til mentalt og kroppsleg velbehag. Alle kan lære seg avspenning, og det er mange måtar å gjere dette på. Som med andre ferdigheiter er det nødvendig med jamleg trening for å meistre det godt.
Personar med psykiske lidingar bør unngå rusmiddel, fordi rusmidla ofte forsterkar dei psykiske plagene. Menneske som bruker rusmiddel, er òg meir utsette for ulykker og sosiale vanskar som igjen kan føre til psykiske problem. I nokre tilfelle kan rusmiddel utløyse til dømes depresjon og angst.
Under angstanfall er det viktig at du snakkar med roleg stemme og gir pasienten nærleik om han eller ho ønsker det. Det er viktig å dempe angsten ved å gi tryggleik og fortelje at dette ikkje er nokon livstruande tilstand.
Dersom pasienten hyperventilerer, vil han eller ho puste ut for mykje karbondioksid. Personen bør legge hendene på magen, rett nedanfor brystbeinet, halde pusten nokre sekund på innpust og kjenne at pusten løftar hendene.
Å leve saman med eller ha nære familierelasjonar til psykisk sjuke menneske kan vere ei stor påkjenning. Mange kjenner framleis at det er skam knytt til ein psykiatrisk diagnose. Det kan òg vere krevjande å leve saman med personar som er kjenslemessig veldig ustabile, og som ein ikkje forstår. Nokon pårørande kjenner dessutan skuld for at ein familiemedlem har ein psykisk sjukdom.
Du som helsefagarbeidar bør ta deg tid og lytte til dei pårørande. Det er viktig å informere dei om sjukdommen og om behandlingsmoglegheitene. Her må du trø varsamt for ikkje å gå utover kompetanseområdet ditt, men heller vurdere å vise til andre yrkesgrupper. I tillegg bør du finne ut kvar det er mogleg å innhente meir informasjon, og om det finst støttegrupper for pårørande.
Ein viktig del av oppgåvene dine som helsefagarbeidar handlar om å observere symptom, verknad og biverknad av medikament og evne til eigenomsorg. Rapporten må vere objektiv og beskrivande for det du opplever og ser. Det er gjerne du som er nærast mange brukarar anten du arbeider i heimetenesta eller i institusjonar, og etter gode observasjonar kan det setjast inn tiltak som kan førebygge forverring av sjukdommen og samtidig gi auka oppleving av meistring og livskvalitet.
Utfordringar til deg
Kva faktorar avgjer kor mykje og kva type hjelp menneske med psykiske utfordringar treng?
- Kvar kan du i jobben som helsefagarbeidar møte menneske som slit med den psykiske helsa si?
Kvifor er føreseielegheit i kvardagen viktig for brukarar med psykiske lidingar?
Kva rolle kan du som helsefagarbeidar ha i møte med psykisk sjuke menneske og pårørande deira? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
Kvardagsmeistring innan rusomsorg og psykisk helsearbeid handlar om å fokusere på meistringa og ressursane i brukaren.