Hopp til innhald

Fagstoff

Eteforstyrringar

Vi snakkar om eteforstyrringar når tankar, kjensler og åtferd knytte til mat og kropp tek så stor plass at dei overskygger alt anna og gjer livskvaliteten ringare.
Ei bok med ark som stikk ut. Teksten "Heilt personleg" strekker seg over heile biletet. Illustrasjon.
Heilt personleg

Eteforstyrringar

Eteforstyrringar er ei liding som inneber at tankar om mat og kropp tek så mykje merksemd i kvardagen at det går utover livskvaliteten. I denne episoden får du møte Elin, som har hatt eteforstyrringar...

0:00
-0:00

For mange er eteforstyrringa ein måte å handtere vanskelege tankar og kjensler, ofte beskrive som angst eller indre uro, på. Dette kan komme til uttrykk gjennom å overete, kaste opp maten, la vere å ete eller trene for mykje. Låg sjølvkjensle og behov for kontroll er ofte underliggande faktorar.

Nokre vanlege teikn på eteforstyrringar

  • Overinteresse for vekt og kropp

  • Stress og skyldkjensle etter å ha ete

  • Vekttap eller vektoppgang

  • Utvikling av unormale etevanar, som å unngå måltid eller visse mattypar eller ete store mengder mat

  • Trening som blir prega av stress og tvang

  • Forakt for eigen kropp, fasong og utsjånad

  • Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar

  • Sosial tilbaketrekking

Kvar går grensa?

Overgangen frå det å vere oppteken av rett kosthald og trening til det å utvikle ei eteforstyrring er gjerne glidande og diffus. Det skjer ofte over tid der det som i utgangspunktet skulle vere noko bra for deg, har vorte noko problematisk og destruktivt. Når tankar og kjensler rundt mat og kropp dominerer kvardagen, og/eller når trening blir prega av tvang og ikkje lenger er lysteleg, kan det vere god grunn til bekymring. Under har vi sett opp nokre spørsmål det kan vere greitt å reflektere over:

  • Bruker du mykje tid på å bekymre deg over kroppsfasong, vekt og korleis du ser ut?

  • Dominerer tankar på mat og planlegging av måltid store delar av dagen din?

  • Er du redd for å miste kontroll over kor mykje du et?

  • Unngår du fleire type matvarer av andre grunnar enn allergi eller intoleranse?

  • Er kroppsvekta di svært viktig for deg?

  • Kjenner du deg ofte tjukk?

  • Er det ubehageleg for deg å ete i sosiale samanhengar?

  • Blir du stressa eller får dårleg samvit dersom du ikkje får trent når du hadde planlagt?

  • Bruker du mat eller fråvær av mat til å regulere kjensler?

  • Føler du ofte stress, skam eller skyld etter at du har ete?

Sjølv om du svarer ja på eitt eller fleire av desse spørsmåla, vil ikkje det seie at du har ei eteforstyrring, men det er gjerne eit teikn på at du treng å snakke med nokon om korleis du har det. Det å få sett ord på tankar og kjensler om dette kan vere avklarande og gi ei større innsikt i eigen situasjon.

Det er viktig å vere klar over at eteforstyrringar i utgangspunktet ikkje har noko med vekt å gjere. Dei fleste som har ei eteforstyrring, er normalvektige eller overvektige, mens nokon er undervektige. Uavhengig av vekt kan ei eteforstyrring ha store konsekvensar, fysisk, psykisk og sosialt, og det er viktig at du får hjelp.

Kven blir ramma?

Den tynne, unge jenta er for mange biletet på ei eteforstyrring. Derfor er det viktig å hugse at dei fleste som har ei eteforstyrring, er normalvektige. Eteforstyrringar rammer både jenter og kvinner og gutar og menn og i alle aldrar, sjølv om dei fleste utviklar ei eteforstyrring i yngre alder. Årsaka til at enkelte utviklar ei eteforstyrring, kan vere svært samansett. Derfor er det vanskeleg å peike på ei konkret forklaring. Nokre faktorar er likevel kjende:

Disponerande faktorar er ei sårbarheit som i møte med utløysande forhold kan resultere i eteforstyrring: arv, traume eller kulturelle forhold som slankepress og skjønnheitsideal.

Utløysande faktorar kan vere store endringar, tap eller konfliktar, mobbing, store prestasjonskrav eller slanking. Visse forhold innan idretten, som krav om spesiell kroppsform eller storleik, eller der tynnleik eller låg kroppsvekt er sentralt, kan òg verke inn.

Vedlikehaldande faktorar kan vere at ein opplever nytte av symptoma, som til dømes kjensle av betre kontroll, oppleving av meistring, demping av indre uro eller døyving av negative kjensler. Andre vedlikehaldande faktorar kan vere familiekonfliktar som er utløyste av eteforstyrringa, eller symptom som er utløyste av feil- eller underernæring. På den måten blir sjukdommen på nokre måtar sjølvforsterkande.

Eteforstyrringa som diagnose

Felles for alle eteforstyrringar er bruken av mat og/eller trening for å meistre kjenslemessige utfordringar. Det er likevel ulike måtar eteforstyrringa kan komme til uttrykk på. Eteforstyrringar blir ofte delte inn i fire hovudgrupper: anoreksi, bulimi, overetingsliding og uspesifiserte eteforstyrringar.

Det er viktig å presisere at diagnosar er meinte som eit medisinsk verktøy, og at mange som har eit problematisk forhold til mat og kropp, ikkje vil kjenne seg igjen i dei "reine" diagnoseformene. Ofte vil ein ha periodar der den eine forma er framståande, mens andre periodar har andre former. Det er ikkje uvanleg å "vandre" mellom dei ulike diagnose eller å ha delar av dei ulike formene på same tid.

Anoreksi
  • Anoreksi (anorexia nervosa) blir kjenneteikna av at ein er alvorleg undervektig, og at ein set grenser for kva og kor mykje ein et.

  • Personar med anoreksi opplever ofte ei intens frykt for å legge på seg. Mange føler at kroppen er stor og tjukk, sjølv om ein har ei vekt langt under normalen. Det er vanleg å nekte for både at ein er undervektig, og dei medisinske konsekvensane av tilstanden.

  • Anoreksi viser seg ofte ved at etevanar og haldninga til mat generelt blir endra. Ein vil gjerne berre ha eit innskrenka utval matsortar og ofte velje å ete slankekost og små måltid. Mange har ei intens svoltkjensle og er opptekne av mat. Nokon tilfredsstiller ei kjensle av indre uro gjennom fysisk aktivitet. Dette vil gjerne føre til overdriven trening, som aukar stoffskiftet og tarmrørsla og fører til ytterlegare vekttap.

Bulimi
  • Bulimi (bulimia nervosa) er kjenneteikna av gjentekne episodar av overeting. I løpet av kort tid et ein mykje meir mat enn det andre ville ha ete i same situasjon. Etter overetinga følger handlingar for å kompensere for det store matinntaket og unngå vektauke.

  • Den mest vanlege kompensatoriske åtferda er oppkast, men ein kan òg misbruke avføringstablettar, gjennomføre fasteperiodar eller overdrive trening.

  • Personar med bulimi er ofte normalvektige. For omgivnadene kan derfor bulimi vere vanskelegare å oppdage enn anoreksi.

Overetingsliding
  • Overetingsliding kjem til uttrykk på ulike måtar. For nokre kan lidinga vere prega av at ein smået gjennom heile dagen, for andre kan det innebere sjeldnare episodar med store matinntak. Felles er at ein et for å regulere kjensler. Dette kan vere alle typar kjensler, men overetinga skjer oftast når ein er åleine og har kjensler som er vanskelege.

  • Mange kan oppleve at dei går inn i ein negativ spiral der skamma over overetinga blir døyvd av ytterlegare overeting.

  • Rundt tre prosent av den norske befolkninga lid av overetingsliding, og det gjer sjukdommen til den vanlegaste eteforstyrringa, meir enn dobbelt så vanleg som anoreksi og bulimi.

  • Overetingsliding kan ramme både normal- og overvektige personar, men studiar viser ein tydeleg høgare førekomst blant dei sistnemnde. Så mange som 20–30 prosent av menneske med BMI over 27 og 40 prosent av menneske med fedme kan passe kriterium for overetingsliding.

  • Sjølv om overetingsliding er den vanlegaste eteforstyrringsdiagnosen å ha, er det den diagnosen færrast kjenner til. Diagnosane anoreksi og bulimi har fått langt meir merksemd, sjølv om dei er mindre utbreidde.

Uspesifiserte eteforstyrringar
  • EDNOS (Eating Disorder Not Otherwise Specified), eller uspesifisert eteforstyrring på norsk, er ei fjerde diagnoseform innan diagnosesystemet for eteforstyrringar.

  • Uspesifisert eteforstyrring er ein diagnose som blir brukt når ein person er betydeleg plaga av ei eteforstyrring, men manglar eitt eller fleire nødvendige symptom for å oppfylle diagnosekriteria til anoreksi, bulimi eller overetingsliding, eller dersom symptoma på ulike måtar er atypiske.

  • Dei som lid av uspesifiserte eteforstyrringar, kan ha nokre symptom frå ein eller fleire av dei overnemnde eteforstyrringane, utan at dei har det komplette symptombiletet. Til dømes kan ein ha mange av symptoma på anoreksi, men ha periodar med overeting, slik at vekta er høgare enn det ein ser hos dei med anoreksi.

  • Personar med uspesifiserte eteforstyrringar kan ha like høg grad av nedsett livskvalitet og fysiske komplikasjonar som andre med eteforstyrringar. Det er derfor viktig å søke hjelp for tilstanden.

Megareksi
  • Dei seinare åra har fokus på sunnheit og trening auka. I lys av dette blir det stadig snakka meir om sunnheits- og treningsmaniske lidingar som ortoreksi og megareksi. Desse tilstandane har ikkje eigne diagnosar, men vil komme innunder uspesifiserte eteforstyrringar.

  • Megareksi vart tidlegare òg kalla mannsoreksi, noko som refererer til at denne tilstanden hyppigast finst blant menn. Det er likevel viktig å understreke at kvinner òg kan utvikle megareksi. Ein med megareksi er driven av å bygge musklar og å bli større – så langt at det blir sjukeleg. Trass i vektauke og auke i muskelstyrke vil ein aldri kjenne seg god nok, eller sterk nok. Tankar rundt vekt, trening og kosthald blir dominerande og overskygger andre livsområde som venner, familie, jobb og studium.

  • Til liks med andre eteforstyrringar kjem megareksi av låg sjølvkjensle og eigenverdi. Ein kan ha byrja med eit ønske om å gjere noko godt for seg sjølv – eit ønske om å bli sterkare og "sunnare" før det vart altoppslukande. Eller det kan ha byrja som ein meistringsstrategi – for å døyve vanskelege tankar og kjensler.

  • Megareksi kan ofte sjåast gjennom overdriven trening – fleire timar for dagen og gjerne fleire gonger for dagen. Ein trener primært styrke, ofte kombinert med eit strengt kosthaldsregime som består av lite feitt og mykje protein. Ein er svært lite fleksibel når det gjeld å justere eigne planar om mat og trening. Som eit resultat av dette kan ein bli unnvikande med tanke på sosiale arrangement eller samkomer som utfordrar den rigide tankegangen ein har. Ein del av dei med megareksi byrjar på kunstige framstilte hormon som anabole steroid for å fremme vekst, men det er viktig å understreke at dette ikkje gjeld alle.

Ortoreksi
  • Dei seinare åra har fokus på sunnheit og trening auka. I lys av dette blir det stadig snakka meir om sunnheits- og treningsmaniske lidingar som ortoreksi og megareksi. Desse tilstandane har ikkje eigne diagnosar, men vil komme innunder uspesifiserte eteforstyrringar

  • Omgrepet ortoreksi beskriv ein mani for sunnheit. Termen er henta frå greske orthos, som betyr "rett" eller "korrekt", og har mange av dei same karaktertrekka som anoreksi. Ortoreksi er definert som "en usunn besettelse av å spise sunn mat" (ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser, u.å.). Ortoreksi er i dag ikkje ein eigen diagnose, men har dei seinare åra vore eit mykje omtalt tema. Det eksisterer lite tilgjengeleg dokumentasjon, noko som tenkeleg kan komme av at omgrepet er relativt nytt, og at det ikkje finst nokon universell akseptert definisjon eller valide diagnostiske kriterium.

  • Ortoreksi er eit negativt, kjenslemessig og sjølvskadande forhold til mat som involverer eit gradvis krympande univers av matvarer ein sjølv ser på som lovleg å ete. Andre dimensjonar eller arenaer i livet får gradvis mindre plass, og tankar rundt sunn og rein mat blir eit sentralt tema gjennom heile dagen – ein måte å handtere vanskelege tankar og kjensler på, og den primære kjelda til sjølvtillit, eigenverdi og kjensle av meining.

Oppgåve 1: Repeter med medelev

  • Kvifor er det ekstra viktig for ungdom å ete rett og nok mat?

  • Kvar går grensa mellom det å vere oppteken av kosthald og trening og det å ha ei eteforstyrring? Grunngi svaret.

Oppgåve 2: Individuelt

Kva trur du er årsaka til at nokon bruker mat og trening for å handtere vanskelege kjensler?

Oppgåve 3: Case

Du legg merke til at vennen din har endra seg den siste tida. Hen har byrja å trene veldig mykje og er aldri med på noko sosialt, og du ser hen aldri ete. Kva gjer du? Diskuter med medelev.

Oppgåve 4: Jobb saman i gruppe

Korleis kan de jobbe med psykisk helse i klassen?

Tips: Det kan vere ting de kan seie til kvarandre, eller korleis de skal oppføre dykk mot kvarandre. Eit trygt klassemiljø, aksept og det å bli sett aukar sjølvkjensla.

  1. Start med ein idédugnad i 2 minutt. Skriv på post-it-lappar. Alle på gruppa skriv forslag på kvar sin lapp. Skriv ned alt de kjem på, inga sensurering. Eitt forslag per lapp.

  2. Samle alle lappane. Prøv å sortere dei i kategoriar, bruk to minutt. Fjern lappar som er like. Fjern òg lappar med mindre seriøse og lite konkrete forslag.

  3. Trekk ein av lappane som ligg igjen og diskuter det som står der. Korleis kan de jobbe med dette praktisk? Kva kan de gjere? Må de ha hjelp av andre? Hald fram slik til de står igjen med tre gode forslag.

  4. Del desse tre forslaga med resten av klassen.

Treng du nokon å snakke med?


Kjelder

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.) Anoreksi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/anoreksi/

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.) Bulimi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/bulimi/

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Megareksi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/megareksi/

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Om spiseofrstyrrelser. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/om-spiseforstyrrelser

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Ortoreksi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/ortoreksi/

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Overspisingslidelse. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/overspisingslidelse/

CC BY-SARettshavar: ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad