Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er stemningslidingar?

I arbeidet ditt vil du møte personar med ulike psykiske plager, men òg menneske som er ramma av ulike psykiske lidingar. I denne oppgåva får du moglegheit til å finne ut meir om ulike stemningslidingar og rolla di som helsefagarbeidar innan psykisk helsearbeid. Sjå filmane og svar på oppgåvene.

Depresjon

Spørsmål til filmen

  1. Kva er forskjellen på å vere trist, lei seg og deprimert?

  2. Kva er symptoma på depresjon?

  3. Kva kan vere risikofaktorar for å få ein depresjon?

  4. Kva bør du observere, og korleis kan du kartlegge symptom på depresjon?

  5. Finn ut kva behandling ein person med depresjon kan få.

  6. Korleis vil du kommunisere, tilby støtte og vise omsorg for ein person som er deprimert?

  7. Korleis vil du kommunisere og rettleie ein person som er deprimert, til å vere sosial og fysisk aktiv? Lag eit notat med tips til korleis ein person kan halde seg sosial og fysisk aktiv.

  8. Jobb saman i par eller i ei gruppe. Intervju ein helsefagarbeidar på praksisstaden til ein av dykk eller i ein annan helseinstitusjon. Førebu og lag spørsmål til intervjua. Intervjuet skal gi dykk informasjon om

    • korleis dei arbeider for å gi støtte, hjelpe og følge opp eldre personar med depresjon i heimesjukepleia eller institusjonar

    • kva som er rolla til helsefagarbeidaren i arbeid med personar som har ein depresjon

    Presenter funna dykkar for resten av klassen.

Bipolar liding

Spørsmål til filmen

  1. Kva er ei bipolar liding?

  2. Kva utfordringar trur du ein person med bipolar liding har og kan møte i kvardagen?

  3. Korleis kan du kommunisere, hjelpe og støtte ein person med bipolar liding til kvardagsmeistring?

  4. Tenk deg at du skal rettleie ein person med bipolar liding om døgnrytme, søvn, å vere varsam med alkohol og andre rusmiddel, stressmeistring, kosthald og fysisk aktivitet. Kva vil du seie, og korleis vil du opptre? Lag eit notat der du òg grunngir kvifor dette kan hjelpe ein person med bipolar liding.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 07.11.2023

Læringsressursar

Psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad