Innafor: Psykopat
Jobb med oppgåvene saman i små grupper på tre–fire elevar. Etterpå kan de diskutere og reflektere saman i klassen.
Korleis kan omsorgssvikt og traume i barndommen føre til utvikling av personlegdomsforstyrringar?
Kvifor er det så vanskeleg å ha mellommenneskelege relasjonar for ein person med personlegdomsforstyrringar?
Kva er årsakene til at det tek så lang tid å behandle personlegdomsforstyrringar?
Brukarar med personlegdomsforstyrringar har ofte vanskar med mellommenneskeleg relasjonar. Korleis trur de dette kan påverke relasjonane mellom brukarane og fagpersonar i helse- og oppveksttenestene?
Korleis kan de som fagarbeidarar motivere brukarar med personlegdomsforstyrringar til stå i behandling over lengre tid?
Lag eit rollespel saman med ein medelev der ein av dykk er fagarbeidar, og den andre er pasient som ønsker å slutte med terapi. Resten av gruppa er observatørar.
Reflekter først i gruppa og deretter i klassen over desse punkta:
Korleis var det å vere pasient?
Korleis opplevast det å vere fagarbeidar i denne situasjonen?
Kva opplevde du/de som observerte?