Hopp til innhald

Fagartikkel

Kva er psykisk helse?

Psykisk helse handlar om korleis vi har det med oss sjølve, og korleis vi taklar opp- og nedturar i livet. Vi har alle ei psykisk helse, og det er mykje som påverkar ho på godt og vondt.

LK20
Ei jente held opp eit bilde av to auge. Foto.

Kva knyter du til ordet helse? Kanskje tenkjer du først og fremst på fysisk helse og ser for deg kvite frakkar, sjukehus og medisinar?

Helsa vår seier noko om korleis vi har det, om vi er friske eller sjuke eller noko midt i mellom. Vi kan sjå for oss helse som ei linje med «velvære» på den eine sida og «sjukdom» på den andre, og så kan vi tenkje oss at vi gjennom livet stadig rører oss mellom desse to ytterpunkta både fysisk og psykisk.

Helse er ikkje berre det å vere frisk eller sjuk, men handlar òg om det som skjer inni oss; tankane våre, kjensler og korleis vi opplever kvardagen . Med andre ord kan helsa vår vere både synleg og usynleg for andre.

Ein kan seie at psykisk helse er den kjenslemessige og mentale delen av helseomgrepet – altså den delen av helsa som handlar om tankar og kjensler. Psykisk helse seier noko om korleis vi held oss til og handterer kjenslene og tankane våre, også i relasjon til andre. Psykisk helse er altså ikkje berre kva vi føler og korleis vi har det, men korleis vi klarer oss i livet, særleg når det er vanskeleg.

Psykisk og fysisk helse heng saman og er på mange måtar to sider av same sak. Ofte kan det vere vanskeleg å skilje dei frå kvarandre. Når vi har vondt i kroppen, kan det gå utover psyken. Når vi ikkje har det godt psykisk, kjenner vi det ofte i kroppen. Vi veit ikkje alltid om smerter og ubehag har eit fysisk eller psykisk utgangspunkt eller kanskje begge deler.

Døme på at fysisk og psykisk helse heng saman:

  • Viss du er engsteleg for noko, er det vanleg å kjenne at du til dømes blir stiv i nakken, kvalm eller får vondt i magen.
  • Viss du til dømes får influensa, er det ikkje så rart om du òg blir litt nedfor psykisk, når du har smerter i kroppen og må halde deg unna venner og fritidsaktivitetar.
  • Viss du er veldig trist, kan du til dømes kjenne at du blir kraftlaus, trøytt og mistar matlysta.
  • Når ein er svolten og blodsukkeret er lågt, blir ein ofte lettare irritert og sint.
Korleis blir psykisk helse definert?

Både helse og psykisk helse kan definerast på ulike måtar. Store medisinske leksikon definerer psykisk helse som vår til kvar tid oppleving av trivsel. Trivsel seier noko om korleis vi har det. Og korleis vi har det, blir påverka av korleis vi handterer utfordringane i livet, og korleis vi samhandlar med andre. Trivsel er heller ikkje noko vi har full kontroll over sjølve. Samfunnet vi lever i, miljøet i klassen og forholdet til dei vi er glade i, vil påverke trivselen vår og dermed den psykiske helsa vår.

Sjølvkjensle

Sjølvkjensle er grunnsteinen i den psykiske helsa vår og er viktig for korleis vi har det. Sjølvkjensle handlar om kva vi føler og synest om oss sjølv som person. Viss vi har god sjølvkjensle, kjenner vi oss stort sett verdifulle uansett om vi meistrar eller feilar.

Viss vi har dårleg sjølvkjensle, har vi eit negativt syn på oss sjølve. Dette gjer oss meir sårbare for psykiske vanskar . Dårleg sjølvkjensle kan føre til sjølvplaging. Det kan òg vere til hinder for gode vennskap fordi vi blir redde for å seie kva vi meiner i frykt for å bli avviste.

Korleis vi lever livet vårt, påverkar helsa vår både positivt og negativt. Uansett om vi har god eller dårleg helse, så er helse noko alle har og alle må halde seg til. Sånn er det òg med psykisk helse.

Viss vi til dømes stressar mykje og ikkje et eller søv nok, vil det over tid påverke helsa vår både fysisk og psykisk. Vi kan få fysiske reaksjonar som kvalme, smerter i kroppen og utmatting. Psykiske reaksjonar kan til dømes vere frykt, å vere trist og ha problem med å kontrollere sinne. Det same gjeld viss dei vi er glade i, gjer oss vondt, eller vi blir utsette for mobbing, vald eller overgrep. Dårleg råd og foreldre eller søsken som strevar med eiga helse vil òg vere faktorar som kan påverke den psykiske helsa vår.

Ungdommar som snakkar saman. Foto.

Ein god livsstil med nok søvn, rørsle og eit godt kosthald er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Å ha menneske rundt oss som vi er glade i, og dessutan å føle at vi høyrer til ein stad, er avgjerande for korleis vi har det.

Vi kan gjere mykje for å styrkje og ta vare på den psykiske helsa vår slik at vi lettare klarer å takle motgang. Likevel er det sånn som med helsa vår elles; uansett kor medvitne vi er på vår eigen livsstil, så kan vi likevel ha det dårleg eller bli sjuke. Sjukdom, skade og smerte kan nokon gonger komme plutseleg og uventa. Andre gonger har dette bygd seg opp over tid, og då kan vi ha moglegheit til å søkje hjelp tidleg slik at det ikkje blir verre.

Denne artikkelen er skriven av Skoleprogrammet VIP

Kjelder

Andersen, A.J.W. (2018). Psykisk helse. I Store medisinske leksikon. Henta frå https://sml.snl.no/psykisk_helse

Antonovsky, A. (2012). Mysteriet til helsa. Den salutogene modellen. Oslo: Gyldendal akademisk

Bakken, A. (2019) Ungdata 2019. Nasjonale resultat (NOVA rapport 9/19). Henta frå https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/2252/Ungdata-2019-Nettversjon.pdf?sequence=3&isAllowed=y

Braut, G.S. (2020). Helse. I Store medisinske leksikon. Henta frå https://sml.snl.no/helse

Skuleprogrammet VIP. (2017) Sånn er livet. Elevhefte til gjennomføring av VIP.

Sist oppdatert 06.12.2021
Skrive av Jorid Bakken Steigum

Læringsressursar

Psykisk helse