Rusavhengigheit: Når jeg faller
Rusavhengigheit er eit stort problem både for den som ruser seg, omgivnadene og ikkje minst samfunnet. Finn ut følgjande:
Kva er det som gjer at nokre menneske blir rusavhengige mens andre ikkje?
Finn ut kva Folkehelseinstituttet seier om narkotikabruk i den norske befolkninga.
Kvifor byrjar menneske å ruse seg? Søk gjerne på nettet.
Korleis trur du at ein kan få ned rusavhengigheita i befolkninga?
Før du ser filmen, er det lurt å lese igjennom oppgåvene. Ta gjerne notat undervegs i filmen.
Kva trur du er hovudbodskapen i filmen?
Korleis vil du beskrive Joachim?
Kva trur du er grunnen til at Joachim byrja å ruse seg?
Korleis er Joachim sitt forhold til menneska som er i livet hans (far, bror, Maria, psykologen, kollegaer og Lukas)?
Lukas har ikkje vore ein del av livet til Joachim før Maria må i fengsel. Kva trur du er grunnen til det?
Korleis er det for barn å vekse opp med rusmisbrukande foreldre?
Forholdet mellom Joachim og Lukas endrar seg gjennom filmen. Beskriv korleis det endrar seg, og forklar kvifor du meiner det.
For å sjekke om menneske er rusfrie, bruker ein ofte urinprøver. Kva tenkjer du om det?
Kven har bestemt at Joachim må ta urinprøver, og korleis klarer han å levere urinprøver som er reine, altså fri for narkotiske stoff?
Kva hjelpesystem er rundt Joachim, og kva inntrykk har du av dei i filmen?
Kva trur du er den beste hjelpa å gi narkomanar?
Tenk deg at du jobbar på skulen der Lukas er elev. Kva ville du ha fokusert på for å gi Lukas best mogleg omsorg, og kva instansar ville du ha samarbeidd med? Grunngi.
Kva tenkjer du om slutten av filmen?
Kva haldningar har du sjølv til
rusmiddel
rusavhengige
barn av rusavhengige
narkotikapolitikken i Noreg
Du skal skrive eit blogginnlegg til ein barne- og ungdomsarbeidar. I blogginnlegget ditt skal du få fram kor viktig det er at barne- og ungdomsarbeidaren er bevisst sine eigne haldningar til rusmiddel, og korleis han eller ho kan vere med på å førebyggje bruk av rusmiddel. Vel sjølv kva rusmiddel du vil skrive om.